fredag 3. august 2012

Over fjellet til Whistler

Før de får høyre nokre ord om turen vår i dag vil eg vise dykk nokon bilbileter. Som de ser over er det eit eldorodo for veterabil-enusiastar her borte. Det kan umuleg vera mangel på restaureringsobjekt eller reservedeler her. Her ser de utstillinga i forbindelse med ei landevegskro me stansa ved i dag. Særleg ute på landet er det utruleg mykje bilvrak å sjå rundt mange bustadar. Det ser ut for at dei berre køyrer gamlebilen til sides når ny bil blir innkjøpt.


Eit bilete av ein langtransportbil må det også bli plass til. Dette er eit typisk eksempel på slike. Alle bilane er snutebilar og som de ser det er god plass til køya bak setet.

 I unnabakkane er det ofte laga "runaway lane" Desse er skilta i god tid på førehand, gjerne 1000 og 500 meter før og skal nyttast dersom særleg lastebilar misser bremsane. Desse avkøyrslene er laga slik at du køyrer rett fram i ein sving og rett inn i ein bratt motbakke.


 Så til turen vår i dag. Det meste av den gjekk over ein fjellovergang men fyrste timane gjekk opp ein brei dal med enorme sandavleiringar som vatn seinare har greve seg svære v-dalar gjennom. Her ser de kolonnen på våre 3 bilar i fint driv mot fjellet.


 Rett før oppstigninga vart det bisonburger til lunch i huset på prærien. 
Under ser det Barnard's express som var innom med prærievogna si. Det såg ut for å vere lite med både passasjerar og post i dag, men det er vel ikkje så mange nybyggarar på reisefot heller for tida.



 Snart var kollonnen klar for avgang og no skulle det bli både bratt og svingete. Vi var oppe i ca 1200 meters høgde før det byrja å gå ned att.


 Men vegetasjonen tilseier ikkje slike høgder. Dette biletet er teke omtrent på det høgste punktet og som de ser, barskogen trivst godt. Fjella her er stort sett skogkledde opp til 17- 1800 meter. Fjella i bakgrunnen er ca 3000 meter på det høgste.
 
 Her er eit bilete frå der det meste av nedstigninga var gjort. Her er me ca 200 meter over havet og dalen har vida seg monaleg ut att, men stadig ser me snøkledd fjell i bakgrunnen.


 Så er me komne fram til Whistler og har teke ein tur på byen. 
Ol i 2010l har sett betydeleg preg på byen som arrangerte mykje av utandørs-øvelsane. 
 Her var også gull sølv og brinsevinnarane sine navn utstillt i ol-parken der truleg premieutdelingane vart avhaldne. No var det overføring av årets ol på storskjerm her.



Også eit eksempel på fantasirike tremøblar må det bli plass til. Også desse var frå ol-området.
No er det seine kvelden og me er komne til hotellrommet at. I morgon tidleg går turen til Vancouver Island og Sooke der mitt syskjenbarn Sissel bur og der me skal avhalde det offisielle syskjenbarntreffet 2012. I morgon treff me også resten av deltakarane. Då blir me 23 nordmenn samla her inklusiv dei to utvandrarane.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar