torsdag 2. august 2012

Late dagar på Outback Resort


 I dag har me ikkje hatt noko på programmet så dagen har gått med til spasering, bading og soling.
Men fyrst vart det ein tur til butikken for å handle mat til kvelden.


Nedanfor får de ein biletserie som viser korleis me bur og korleis området her er.
Over ser de husværet vårt i andre etasje. Kvar leiligheit har tre soverom med eige bad så vi har tre slike med tre par i kvar. Under ser de rekka med like hus der me bur i den fyrste.
 



 Eg gjekk meg ein tur rundt på området i dag og då fekk eg selskap av eit lite dyr som sikkert var ein versjon ekkorn. Storleiken var ikkje ulik den vi har heime men denne hadde mykje mindre hale og som de ser striper etter ryggen.


Det går gangstiar rundt om på heile området. Hytten ligg for det meste i glissen skog frå innsjøen og oppover. Her ser de stranda som for det meste er bratte fjellet rett i sjøen.



Ikkje heile stranda er fjell. Midt på eigedommen ligg det ei lita badestrand. Der har dei ivrigaste soltilbedarane vore kvar dag. I dag slo også eg meg med og jammen vart det til at eg la på søm også. 


No er det snart mattid. Me er allt i gang med førebuingane. Det blir kjøt på grillen med fløytegratinerte poteter og salat til.


I morgon dreg me vidare. Då er det til saman ca 40 mil som skal tilbakeleggast. Whistler er endestasjonen vår, mest kjend blandt oss som staden for alpinøvingane i vinter-ol for vel 2 år sidan. Det er ein av dei beste og mest berømte skiturisme-stadane i Amerika. Over 2 millionar turistar kjem hit kvart år.

1 kommentar:

  1. "og jammen vart det til at eg la på søm også"

    Klassisk eksempel pao solstikk.

    SvarSlett