søndag 5. august 2012

Villangerslekta si dannelsesreise gjennom ein snipp av British Columbia 2012.


I 19 tida tysdag 24. juli 2012 samlast 17 personar på flyplassen i Seattle i USA. 13 var nyss kommen frå Norge med fly, 2 var kommen for få dagar sidan medan 2 er fastbuande i Canada. 
Det var oppstarten til ei fellesreise gjennom deler av British Columbia (BC)

Empire Landmark Hotel

Fyrste felles etappe var ein 4 timars biltur frå flyplassen, nordover til grensa mellom USA og Canada og vidare til fyrste destinasjon: Empire Landmark Hotel i Vancouver. Her overnatta me tre netter. Dagane her vart nytta til sightseeing gjennom byen og besøk i samla tropp til ymse opplevingsverdige mål. Det var også rikeleg tid til å rusle gatelangs og oppleve byliv og atmosfære på kroppen. 
Den som har følgd med på denne bloggen har sikkert fått med seg at eg fall for denne byen. Dette er den byen eg har trevest best i av alle byar eg har vore i.

Badeanlegget med varme kjelder ved hotellet vårt I Harrison Hot Spring.

Andre reisedag skulle enda i Harrison Hot Spring, men fyrste stopp på reisa var Fort Langley. Dette fortet er viktig på mange måtar for BC og Canada si utvikling. Fort Langley blir kalla fødestaden til British Colombia.
Turen gjekk vidare oppetter Fracer River som snoar seg gjennom mest heile BC. Neste stopp var ein liten stad langs elvebredden som heiter Yale. Denne staden var blandt anna ein av pilarane for gullfeberen som skaka BC på 18 hundre talet.
Turen enda altså i Harrison Hot Spring. Dette er ein stor utfartstad. Det ligg i enden av eit vatn med badestrender og parkar for soling, men det er nok dei varme kjeldene som er viktigaste grunnlaget for utviklinga av staden. Her hadde me to overnattingar.


Peisestova i hytta vår på Douglas Ranch

Tredje reisedag gjekk til Douglas Lake Ranch. Dette er den største ranchen i Canada som er i ordinæe drift.  Den er mest like stor som Luster Kommune i utstrekning, større enn Vestfold Fylke.
Her hadde me ein overnatting og køyrde gjennom heile ranch-eigedommen på reisedagen, med innlagt stopp i "gardstunet" som nærast var ei lita bygd.


Ei av mange hytter ved Outback Resort. Her budde me i andre etasje.

Fjerde reisedag gjekk til Outback Resort rett utanfor byen Vernon.
Dette er eit anlegg med særs fine hytter. Dei fleste er i privat eige men ein del leiger dei ut i periodar når dei ikkje brukar dei sjølv.
Her hadde me tre overnattingar der den fyrste heile dagen vart nytta til ein guida tur til tre vingardar. Her vart det både vinsmaking og informasjon om vinproduksjon.


Tor nøye lyttande til kva vineksperten har å sei.

I det Villanger-slekta stod der i ein vinkjellar med tønner og flasker rundt om oss på alle kantar kom det føre meg eit dikt som Jakob Sande har skrive. 

Slå portane op i Santos
Sjå opp for ein song frå nord.
For her kjem Villanger av Bergen
med tyste menn ombord.

Dra tappen av eldste tunna
Set djupaste glasa fram
for no har me segla i solsteik
frå dokken i Rotterdam.



Alice framfor OL-ringane i Whistler

Femte dagen gjekk turen gjennom fjellområder ikke ulik heimlege trakter. Viktigaste forskjelen var at her stod barskogen tett i 1200 meters høgde.
Målet for turen var OL-byen Whistler. Her foregjekk mykje av skiøvingane under Wancouver-OL i 2010.
Her vart det kun ei overnatting.

Alle turdeltakarane samla i hagen hos vertskapet.
Reiseleiar og syskjenbarn Sissel liggande i forgrunnen.

Den sjette og siste dagen gjekk turen frå Whistler og til Sooke på Wancouver Island. Det er heimstaden til Sissel og Harry som er vertskap på denne turen. Her vart me også foreint med dei 6 siste som skal vere med dei siste dagane av opphaldet her i Canada.
No er det syskjenbarntreff for alle pengane og berre små utflukter her i nærområdet.

Hovudarrangementet, syskjenbarnfesten vart avhalden i kveld i hagen til vertskapet. Der vart det bestemt at treffet om tre år, fyrst i august 2015 skal arrangerast i Luster  og eg og Astrid er utpeika til arrangementskommite.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar