søndag 24. mars 2024

Dag 2 i Playa del Ingles

 

Årets fyrste middagsmåltid inntok me i går kveld på "stamkafeen" vår.  Det vil sei kinarestauranten ved Jardin del Sol. Dit går me som regel 2, 3, 4 kveldar i løpet av eit 14 dagars opphald.
Kylling i sursøt saus og kylling med cashevnøtter, begge med steikt ris til, var menyen me valde.

Og etterpå var det honning-rom og noko anna søtt "på huset". Flaska sette dei som vanleg att om me ynskte meir.

Det vart tidleg i seng i går kveld. Det gjorde at det vart tidleg opp også. Klokka 6 lokal tid hadde eg fått mine 8 timar søvn og etter frokost og noko somling gjekk vegen mot stranda i halv 9 tida. På denne tida er det ikkje mykje liv på stranda men ypperleg tid for litt trim.

Og ein trimtur vart det på meg også. Sanden var fast og fin så eg sette i vegen det fortaste eg klarde, så og seie. Den einaste gåande som gjekk forbi meg var denne karen og han hengde eg meg på. Eg vil med dette sende ei stor takk til fartsholdaren min, kven du no er. Utan deg hadde eg ikkje nådd fyren på 40 minuttar. Den gjorde turen min til ei hardøkt i mi verd.

For deg som er kjend i desse traktene, stranda frå Playa del Ingles til Faro var i år like fin og steinfri som her på biletet heile vegen. Det har eg aldri opplevd dei 20 gongene me har vore her. 

Det har vore snakka mykje om uveret her nede, med nykje nedbør. Det har regna litt etter at  me kom også, men elvane er turre og det er dei ikkje etter store nedbørsmengder.

Veret den fyrste heile dagen har vore ok. Det har blese ei sky forbi sola i ny og ne, men det har ikkje hindra husets frue å gjere det ho likar best også.

Det var allt for i dag. Kva me gjer i kveld veit me ikkje enno men ein tur på Kasba og ein irsk kaffidrope etter middagen er ikkje umogeleg at det vert.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar