tirsdag 26. mars 2024

Tysdagsbloggen frå Playa del Ingles

 Dagens blogg startar som alltid med siste del av gårdagen. Etter ordentleg festmiddag på søndag valde me det meir sparsommelege i går. Turen gjekk til Little Brasil som me har utsikt til heimanfrå. Eg valde pasta carbonara medan husets frue valde pizza. Eg fekk eit måltid eg kanskje kunne vente meg, lunken spagetti med små skinkeskiver gøymt under  og eit smaklaust pudder dei kalla parmesanost til å strø oppå. Men pizzaen tok kaka. Den bestod av eit knuskturt rundt brød med spekeskinke, rucola og antydning til cherrytomater, trur eg. Ingen antydning til nokon slag saus eller ost. Dette er den tusknaste pizzaen eg har sett i mitt liv.


Men eit skal dei ha på vesle Brasil, dei er rause med vinen.


Så gjekk turen til stamplassen til mange lustringar og nordmenn generellt, sjenkestaden Naboen. Der vart  det ein irsk kaffidrope att. Dette er andre staden eg kjøper slik drikke  her i år. Den fyrste hadde stivpiska krem på toppen, noko eg ikkje tykkjer om, denne hadde rett konsistens men dei var kanskje litt lite raus med mengden. Den beste Irish Coffee vert stadig servert i Luster meinar eg.


Så var det tid for å rusle heim att i 10 - 11 tida ein milld sommarkveld. Yr melder stadig budleregn men knapt ein drope har treft meg.


Heisen vår må også nemnast her. Ikkje noko galt med den men den er den minste eg har sett i mitt liv. Plass til 4 står det men med os to og to koffertar då me kom var det så vidt døra gjekk att bak oss.


I dag har eg gått Playa rundt. Det innbefattar gangvegen langs sanddynene. Det er tydeleg at det har vore ein del vind i det siste og slike sanddyner lever sitt eige liv i vind. Slik såg det ut på deler av strandpromenaden.


Men der gangvegen ligg litt høgre og det ikkje er sanddyner som nabo var det svært folksamt, sjølv om klokka ikkje var meir enn 11 då dette biletet vart teke.

Det var allt eg hadde på hjarta i dag.







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar