lørdag 30. mars 2024

Laurdagstur på fjellet.

 

Norskeplassen var målet for dagens utflukt og dit kom me.

Men fyrst nokre ord om fredagskvelden. Her er tallerkenar og glas tømde og rekning betalt hos El Rancho. Denne godt likte restauranten ligg i nabobygget og dit gjekk altså fyrste del av kveldsturen. Del to vart på utsiktsplass i Kasbah med tilhøyrande godt i glasa.

Men turmålet i dag var altså Norskeplassen. Det er eit turmål for tusenvis av nordmenn, dei fleste innlosjert i Puerto Rico. Men me valde Patalavaca som utgangspunkt. Det vart busstur dit og så var det til å starte turen etter memorerte kart frå dagen før. Eg er slik laga at eg likar å utfordre navigasjonsevne og retningssans ved å gå turar eg ikkje kjenner frå før. Det gjekk fint i dag også, sjølv om det ikkje var så vanskeleg :-)

Me var to i lag på tur  i dag og me var ikkje komne langt opp i lia før dei fyrste bileta vart lagra.

Etter kvart kunne me sjå delmålet vårt, Norskeplassen, på andre sida av dalen.


Så var målet nådd 315 moh.


Etter ein liten rast og nokre slurkar vatn bar det vidare mot Puerto Rico. Her har me fått bebyggelsen på nert hold for fyrste gong.


Og plutseleg såg me rett ned i sentrum. Då var det berre sving etter sving langs gatene ned der det venta oss god lunch og litt handel før bussen tok oss attende til nerast mogeleg Corona Blanca.

Det var allt for i dag.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar