onsdag 27. mars 2024

Onsdag på Playa.

 




Gårsdagens middagsmåltid inntok me i kjende trakter. Denne restauranten ligg nerast som nabo til Jardin del Sol,  staden der me har budd heile 18 gonger. Me har gode erfaringar med denne serveringstaden frå tidlegare år og dei skuffa oss ikkje denne gongen heller. Det vart kokt torsk på meg.


Ikkje verdens finaste bilete men dette er enden på gangvegen til San Augustin der eg og naboen gjekk til så mang ein gong. Det er 11 år sidan siste turen me fekk i lag til Playa del Ingles. Sårt sakna men også mange gode minner kom fram i dag då eg tok denne turen som me alltid gjorde i lag kvart år dei 11 åra me drog i lag hit.

Så var det å snu og starte den lange men fine spaser/trimturen attende til dit me bur.


For dei som er kjende i desse traktene kan eg fortelje at denne fine vegen no har fått nytt dekke. Her var dekket så slite og utvaska så det var nerast som å gå i ei steinur einkelte stadar. No er det slett fint betongdekke heile vegen.



Siste delen i dag har eg haldt meg nær pc-en for å sende ut bingoblokker til kveldens radiobingo på Radio Luster. Her kan også gå ei melding til årdøler som har gjort bomtur til Veekiosken for å kjøpe blokker. No er dei på veg og er til salgs att frå ca 18.00.


Om me ikkje ombestemmer oss, noko me i blandt gjer, så går turen til stamkafeen vår i kveld. Der vert det "kinamat".

Takk for i dag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar