søndag 6. april 2025

Dag 1 på vår tur til Gran Canaria 2025.


Klokka 06.30, ein times tid etter at me steig or senga, var me klar til å ta bussen frå hotellet til flyplass-terminalen på Gardermoen. Det er vel kanskje her me heilt føler på at no startar sydenferien. Gårdagens biltur frå Luster og hit er no berre ein biltur lik alle andre.

Innsjekking gjekk greit og flyet, ein Airbus 320 frå SAS, tok av klokka 09.36 i følje Flight radaren. På biletet ser me ned på Brest, lengst vest i Frankrike. Det var det siste me såg til land før me var framme.

Ein sliten MAN tok oss til slutt frå flyplassen til Corona Blanca der me bur.

Etter å ha fått tildelt rom 111 tok panikken oss litt i starten. Skulle me heilt ned på bakkeplan og ikkje få utsikt frå balkongen vår i det heile? Altså berret innsikt? 

Nei det gjekk fint. Fyrste etasje ligg halvannan etasje over bassengområdet så utsikt utan innsikt fekk me. I tillegg fekk me trappefritt tilgjenge frå gateplan og resepsjon. 



Då var ferien i gang. Fyrste etappe var nærbutikken vår for innkjøp av brød, vatn, smør, ost, skinke, kaffi og pepsi max.



Ein lite spasertur vart det tid til også. Ein rundtur på gangvegen langs stranda der målet med fotoet var å vise at det var 25 grader varmt. Når eg no skal vise dykk beviset på det ser eg at eg har vore litt sein i avtrekket så de får bevis på at klokka er 17.39 i staden for.



Middagen inntok me på det me kan kalle favorittrestauranten vår. China Sol heiter den og ligg i same bygget som me budde i 19 år på rad. Jardin de Sol heiter den.


Så gjekk turen til nok ein "stamplass". Kjøpesenteret Kasbah og utsik til dansearenaen der det er live spansk danseband-musikk kvar kveld. Kvar vår Irish Coffe er vel også på det nermaste ein tradisjon.


Etter ein rusletur heimatt "utane stivety og hatt", var fyrste dag i vårt 14 dagars opphald på Playa del Ingles til ende.

Det var allt for i dag.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar