Eg fekk meg ein liten trimtur rundt om hotelllet her før regnet kom. Sidan har me holdt oss på rommet vårt. Etter som timane går må ein finne på noko å få tida til å gå med. For enkelte av oss vart det å flytte koffertane våre inn i sofaen vår. Der har me så smått starta å førebu heimreise laurdag. Ein kan vel også skimte ein telefon, ein kryssord og ein TV-kontroll. Også det brukande tidtrøyter.
Miidagen gjekk me i kjellaren og kjøpte. Restauranten Rimini Italiano er to etasjar ned.
Me bestillte begge Spaghetti Carbonara. Etter kvart var me svært godt utrusta til å ete spaghetti.
Som alltid var me svert glade og takksame for maten. Det var berre å velje seg tenleg reiskap. Forretten må me heller ikkje gløyme. Kvitlauksbrød, av dei beste eg nokon gong har vore tilboden og så store at kelnaren anbefalte at me tok eit i lag. Så litt dessert til slutt.
Takk for i dag.




Snart heima att no. Håpar de får ein fin Fredag.🤙☀️☀️☀️😎😎
SvarSlett