Etter eit døger med lite søvn og tidleg til sengs i går vart det tidleg opp i dag. Før klokka 10 var me komne på stranda i lag for å gå til fyret og Maspalomas.
Det var ekstra fint og gå i dag, me gjekk på våt, fast sand heile vegen. likevel var det godt å sjå fyret og endestasjonen vår.
Skulle ein bergensar beskrive denne karen ville vel han nytta ordet månebedåtten. Men formen var betre enn fotoet gjev inntrykk av. Etter kvart sitt glas drikke var me begge klar for retuen.
Heimturen gjekk gatelangs. Litt kjedeleg kanskje, men det gjekk fort og fint.
Plutseleg var me på toppen av bakken opp til Playa del Ingles platået. Der kunne me sjå attende til fyret der me nyss var.
I fyrste etasje på Yumbo var det tid for lunch. Me bestillte kvar vår club sandwich. Det har dei på pyramidekafeen så det trudde me at me visste kva var. Men mengden vart ei overrasking. Bygd opp av tre heile skiver med rikeleg med salat og kyllingkjøt mellom, ei skål med salat i tillegg og ei mengde med pomfri (om det er lov å skrive det slik).Den andre kvelden her i syden starta i kjellaren der me bur. Der er det ein italiensk restaurant med namnet Rimini. Då er det i blandt lurt å bestille noko italiensk, derfor vart det Pizza pepperoni på fruen og Spaghetti carbonara på meg. Begge rettane var akkurat som forventa og det vil seie gode.Deretter gjekk turen til tribunen til dansegolvet på Kasbah. No er klokka 9 og vel så det og då er dei gamle komne heim.
Fin dag skjønner eg.Trodde kanskje at Alice låg på ei solseng. 😅😂
SvarSlettFin tur Har gått den same turen ein gong. Kos dykk masse.🤙🤙🌹🌹
SvarSlett