søndag 23. august 2026

Tur til Rethymnon 2026, dag 1

Som alltid ellers, årest utanlandstur starta her. Aldri ein tur ut i verda utan ein god skatt og avgiftsfri handel. 

Det er ikkje ofte at me står i kø og ventar på å komme i ombord i flyet slik som her. Dette tykte er var verd å starte forteljinga om vår Kreta-tur  med i år. 

Men det var ikkje berre køen under open himmel som var uventa i år. Her er me på veg til bussen som skal frakte oss til anna terminalbygg der me vente på ombordstigningen som vart vist på førre bilete.

Nok om det, turen ned hit gjekk fint, ein halv times venting på letteløyve vart vart "innfloge" på veg hit og me ankom Ibiscos Garden i god tid til å rigge oss til ei veke med sol og sommar.

Me har ein stamkafe her nede som me er forbi dagleg. I går, på reisedagen, vart det middag her. 

Gårdagen vart avslutta etter soleglad. Deretter var det rett opp smuget som endar nermast i hotelldøra der me bur. Klokka på ringing kl. 03,45 gjer noko med resten av dagen.

I morgon kjem det vel også nokre ord frå oss. Kva det vert er det ingen som veit, heller ikkje eg. Me har meir enn fint ver her. 35 grader i skuggen set ingen begrensingar for dei som er ivrigast på bading og humøret er heller ei å klaga på.

Takk til deg som tok deg tid til å lese allt. I morgon har det kanskje hendt noko spanande.




 

2 kommentarer:

  1. Kos dykk masse. Kjekt å less. Gleda meg til å reisa dit eg også.☀️☀️☀️🤙😎

    SvarSlett
  2. God ferie til dykk begge. Me er nett komen heim frå Albania. Hadde kjempever, men kanskje litt for varmt.

    SvarSlett