lørdag 29. august 2026

Tur til Kreta dag 5 (6)

 




Det er ikkje mykje å skrive heim om her frå varmen. Det vil både denne og tidlegare bloggar bere preg av. Her sit eg og Jakob og utfører eit av dei dagvisse aktivitetane våre. 

12 pilsen skal skje nøyaktig klokka tolv og varer til nerare 13. Me er berre to i den klubben så me tek den på tomannsbord utanfor på fortauet. Kvar vår halvliter med potetgull, peanøtter og ein liten brun, søt, shot på huset.

Klokka 14 er det lunch. Den inntek me alle fire her inne ved samme, automatisk reserverte, bordet kvar dag. Det er vel omelett med salat og pomes frittes, eller pomfri om det er lov å skrive det, som flest veljer seg.


Når det gjeld middagen er me litt meir fantasifulle i valet av serveringstad. Onsdagens vart innteken i rimeleg nerheit av gamlebyen. På veg dit fekk damene for seg at små, batteridrivne vifter var ein god investering til varme dagar som her no.

Det vart ein liten runde i dei tronge gatene inne i sjølve gamlebyen også. Me har vel aldri sett så mange folk i desse gatene før. Det vart berre ein liten vinkel inn og strake vegen heimatt til Ibiscos Garden der me bur.

I dag er det komme to Årdals-jostedøler hit som me så vidt har helst på. I morgon kjem det fleire kjende og me gledar oss til det.

Takk for i dag.




fredag 28. august 2026

Siste rapport frå Rethymnon i år.

 


Siste dag på Kreta i år nytta eg til ein tur opp i bakkane over sentrum. Om det er folk som er kjend her så kan eg fortelje at dette er Church of St. Anargyroi som den vert kalla på engelsk. På grest ser det slik ut Ιερός Ναός Αγίων Αναργύρων. Denne gjekk eg forbi for å komme over eller rettare sagt under motorvegen.


På min veg kom eg igså over denne blomeveggen, for den som likar slikt.


Så ein spesialmelding for dei som likar slikt. Dette er eit hønsehus. Fora med rikelege mengder tomater og andre verdsette grønsaker. Eg vart ikkje godt likt av hønene. Dei pila innatt kvar gong er forsøkte å få eit bilete av dei. 


Det vart ikkje nokon langtur i dag. Her er omtrent der eg snudde og skunda meg nedatt til den for oss "heilage" tolvpilsen.



Dette biletet er valt til illustrasjon for alternative måtar å nytte stranda til soling og bading. Det dei fleste nyttar seg av er solsenger til leige. Det eg har noko slags erfaring med er ein pris på ca ein femtilapp pr dag for solseng og eventuellt parasoll. Mange plassar er det også slik at om du handlar drikkevarer frå serveringstaden som disponerar plassen så får du senga gratis. 
Men, som biletet viser, det er også mogeleg å sole seg gratis men det kan vere ein einsam måte å bli brun på.



Dette var altså siste dagen og kvelden på Kreta for i år. Den nytta me til middag på stamkafeen Akrogiali i lag med 3 nyankomne kjenningar. Altså sju og tl slutt ni til bords i kveld

Med dette vil eg sei takk for føljet til dykk ca  120 som tok seg tid til å stikke innom denne sida dei fem gongene eg har lagt ut noko. I morgon tidleg kjem bussen og hentar oss. I morgon kveld legg me oss i våre eigne senger i Luster.

Takk for meg.



onsdag 26. august 2026

Tur til Kreta dag 3 (4)

 

I dag startar eg bloggen med eit bilete frå Molden. Biletet inneheld både dei nye og dei reparerte antennane som gjer at no er Molden-sendaren i orden att. Dei snart 40 åra me har hatt Molden-sendar har vore både til sorg og til glede. Det er ein utmerka stad for å nå flest mogeleg lydarar frå same stad, men uver av alle slag har også vist oss at det er ein utsett stad å ha byggverk og anna utstyr.


Gårkveldens utflukt skulle starta med solnedgang utanfor Akrogiali. Me vart for seine til det men bileter vart det alikevel. 


Karen til høgre i biletet er det sikkert mange lustringar som har helst på. Vår tur ut til kveldens siste måltid gjekk hit. Manolis heiter både karen og restauranten hans. Då dette biletet vart teke var han svært så sosial med alle gjester. No har han starta eit nytt og meir helsesamt liv.


Middagen var av beste Manolis klasse og desserten var av same klasse. Både fin og god og det måtter det sikrast eit minne om.


I dag gjekk fyrste turen ut til hotellet der me budde det fyrste året eg var her. Greit nok hotell, men allt for langt til sentrum. Det har dei forsøkt å gjere noko med. Så spørs det kor mange av gjestene som vågar seg oppå ein slik doning.

Til slutt ei lita åtvaring til alle som skal hit og ikkje bur på sørsida heime. Når du har forvilla deg inn i tronge gater i gamlebyen og plutseleg er telefonen (kartet) tom for straum. Då må du hugse at du no bur på nordsida av øya. Sola står ikkje over havet (fjorden) klokka tolv. Å haste heim til avtalt lunch i 180 grader feil retning kan føre til privat leiteaksjon og sein lunch. 

Takk for i dag.

mandag 24. august 2026

Tur til Kreta dag 2.

 

Så var tida inne for å skrive nokre ord om dagane våre her nede i middelhavet. I går gjekk vegen langs strandpromenaden til serverings-staden der me kjøpte middag. Me var på ein restaurant som var tilrådd av fleire og som eg ikkje hugsar namnet på.


Alle var einig om at maten var god. Eg valde grilla kylling og det var eg godt nøgd med.



Det er ikkje allt eg har styring med. Denne meldinga kom til meg i går. Eg er ikkje sikker på om det er heilt sant det som står der men det er eit bevis på at eg har bada. Temperaturen er god både på land og i havet. Eit par tre og tredve på land og det me kanskje ville kalla "pisselonke" i vatnet.


Me har ei lita kyrkje som nabo. Dei tidlegare turane hit har me ikkje sett nokon aktivitet der, men i år har det vore folk i tunet og i kyrkja kvar dag. I fylje Google var den 23. august, 9 dagar etter Marias dødsdag, "avslutningen (apodosis) på høytiden for Jomfru Marias hensovnelse.

I fylje samme Google er dagen i dag, den 24. august, datoen for å gjere stas på Hellig Kosmas fra Etolia. 


Når du set på ein liten, gresk kafe, i ein liten by, nede ved middelhavet og rekninga er på gresk, men er merka slik for at rett person skal få den, då er me godt tekne vare på. 
Dette er stamkafeen vår, Akrogiali.

Dette var allt for i dag. Late dagar gjev lite å skrive heim om.

PS
I dag var dagen for å skaffe litt kontantar. Minibank oppsøkt, tasta kode, trykt etter beste evne men avslutta med Card invalid eller noko slikt. Grunnande på kva eg kan ha gjort galt gjekk ferda vidare. Kom til ny bank, kanskje det var minibanken si skuld, Forsøker på nytt med same resultat. Så finn eg meldingar på telefonen som minner meg på at kortet mitt er avvist både her og der, hilsen din bankforbindelse. Aha, banken kan fikse det eller veit feilen. 
Ring ring ring Luster Sparebank - Aarøy. Eg er utanlands og kortet mitt virkar ikkje. Kan du finne ut kva som er galt. Aarøy: tre siste tala i  kortet ditt. Eg les opp det. Aarøy: Du har sperra kortet ditt for utland, skal eg opne det for deg. Ja takk. FLAUT.


søndag 23. august 2026

Tur til Rethymnon 2026, dag 1

Som alltid ellers, årest utanlandstur starta her. Aldri ein tur ut i verda utan ein god skatt og avgiftsfri handel. 

Det er ikkje ofte at me står i kø og ventar på å komme i ombord i flyet slik som her. Dette tykte er var verd å starte forteljinga om vår Kreta-tur  med i år. 

Men det var ikkje berre køen under open himmel som var uventa i år. Her er me på veg til bussen som skal frakte oss til anna terminalbygg der me vente på ombordstigningen som vart vist på førre bilete.

Nok om det, turen ned hit gjekk fint, ein halv times venting på letteløyve vart vart "innfloge" på veg hit og me ankom Ibiscos Garden i god tid til å rigge oss til ei veke med sol og sommar.

Me har ein stamkafe her nede som me er forbi dagleg. I går, på reisedagen, vart det middag her. 

Gårdagen vart avslutta etter soleglad. Deretter var det rett opp smuget som endar nermast i hotelldøra der me bur. Klokka på ringing kl. 03,45 gjer noko med resten av dagen.

I morgon kjem det vel også nokre ord frå oss. Kva det vert er det ingen som veit, heller ikkje eg. Me har meir enn fint ver her. 35 grader i skuggen set ingen begrensingar for dei som er ivrigast på bading og humøret er heller ei å klaga på.

Takk til deg som tok deg tid til å lese allt. I morgon har det kanskje hendt noko spanande.




 

lørdag 21. mars 2026

Siste dagen


I dag vakna me til relativt fint ver og då vart det ut på trimtur att. 

Dette er ikkje meint som skryt, men me har ei lang trapp her på Playa del Ingles og den måtte eg legge inn i trimruta mi. Opp der så fort eg greier er god trim. På toppen går pusten som ein blåsebelg og hjarta pumpar deretter.

Min andre tur i dag gjekk i turtempo. Det var områda med bustadblokker i San Fernando som var målet. 

Ei blokk er no ei blokk, men det som er spesiellt her mot heime er at trass i at det er så fint ute her heile året er husa bygde for å stenge sol og sommar ute. Ingen terrassar og persienner og gitter framfor mest alle vindauger.

Her er eit lite "snapshot" på veg heim som syner at litt vind og truande skyer i horisonten ikkje er til hinder for å komme seg ut rundt bassenget når ein ikkje har vore der på ein dag eller så.

Det siste måltidet ute vart der me har vore tre gonger allerede. 

Maten vart også nokså normal. Den var i alle fall varm. Dette er Alice sin porsjon. 

Eg valde spicy chicken. Den varma den også, på to måtar.

Med eit bilete av "kontoret mitt" markerar eg at no er turen slutt.  I morgon klokka 10.40 
+- 15 minuttar kjem bussen og hentar oss. Klokka 20.45 skal flyet vårt lande på Flesland. Søndag etter frokost startar turen attende til Luster.

Ser dykk der snart. Takk for føljet.


torsdag 19. mars 2026

Ein dag att før heimtur.

 

I dag kom styggeveret litt ut på dagen. Me fekk nokre ordentlege regnbyer og då vert gatene fort fulle av vatn. Det er ikkje noko avløp for overflatevatn her,  alt som regnar må finne vegen sjølv gatelangs ned til stranda. Det var varsla ekstremver, men det trur eg ikkje ein kan kalle det som er komme til no.

Eg fekk meg ein liten trimtur rundt om hotelllet her før regnet kom. Sidan har me holdt oss på rommet vårt. Etter som timane går må ein finne på noko å få tida til å gå med. For enkelte av oss vart det å flytte koffertane våre inn i sofaen vår. Der har me så smått starta å førebu heimreise laurdag. Ein kan vel også skimte ein telefon, ein kryssord og ein TV-kontroll. Også det brukande tidtrøyter.

Miidagen gjekk me i kjellaren og kjøpte. Restauranten Rimini Italiano er to etasjar ned. 
Me bestillte begge Spaghetti Carbonara. Etter kvart var me svært godt utrusta til å ete spaghetti.

Som alltid var me svert glade og takksame for maten. Det var berre å velje seg tenleg reiskap.  Forretten må me heller ikkje gløyme. Kvitlauksbrød, av dei beste eg nokon gong har vore tilboden og så store at kelnaren anbefalte at me tok eit i lag. Så litt dessert til slutt.

Takk for i dag.


Nedtelling: To dagar att.

 

I dag har det vore ruskut her me bur. Det har vore vindkast på vindkast heile dagen så soling har det mest ikkje vore mogelgheiter for. Difor tenkte eg meg ned på stranda for å få nokre ordentlege ruskut, værbitt, bileter herifrå. Men vel nede på stranda var det  mest heilt vindstille og masse folk ute og sola seg.

Ikkje noko betre frå høgda. Havet låg der med ein passeleg otringsgråe. (for fiskarar som veit kva det er) Men uansett, det har vore vindfullt der me har vore.
I kveld har me vore på Yumbo senteret og ete middag i lag med tre kjenningar. Deretter vart det eit glas på Naboen.
No legg me oss, så får me sjå kva morgondagen bringar. Det er meldt om svært mykje  nebør og unntakstilstand, i alle fall på naboøya Tenerife.
Me bur i andre etasje i murbyggning så der vert det vel turt.

Takk for i dag


tirsdag 17. mars 2026

Tre dagar att

 

 I kveld gjekk turen til vår faste kinarestaurant. Meir har ikkje hendt i våre liv i dag. I alle fall ikkje noko som andre kan ha interresse av. Det har vore ein del vind men ikkje meir enn at det har vore solingsver mest heile dagen, for dei som prioriterar det høgt.

Og slik såg bordet vårt ut i starten. Det eg kallar isopor, fordi eg ikkje veit betre og sursøt saus til duppe.
Etter det vart det kvar sin vårrull som eg ikkje har dokumentasjon på.

Me valde Svin Chop Suey og sprø kylling i sursøt saus til hovudrett. Eggfried ris på oss begge.

Og plutseleg såg det slik ut. Me sleikte IKKJE talerkane.

Så gjekk turen til Kasba for Irish coffe, kaffi og is med frukt.

Tre dagar att ja. laurdag er reisedag så utpå formiddagen kjem bussen og hentar oss.

I morgon skal det regna i følje vermeldinga.

Takk for i dag


Tur til Puerto Rico

 

Dagen i dag er ikkje mykje å skrive om. Derfor vil eg skrive nokre ord om det me har vore med på i kveld. Det starta med ein busstur til Puerto Rico.

Der hamna me på kjøpesenteret der dei me skulle vitje sat og venta på oss ved inngangen.

Norvald og Gunn som dei heiter er erfarne besøkande her og dei veit kor det er aller best matoppleving og dit gjekk me. Det vart køståing for å få bord. Hovmeistaren var raskt ute og tok kontakt. Han lova oss plass så raskt som råd var.

Og det vart bryet verd. Laks med potetmos vart det me valde. Det ser kanskje litt tuske  ut slik som her, men dei hadde pynta så fint at eg fotograferte før potetstappa var tilførd.

Så gjekk turen til Lillebrors Party & Pianobar. Der fekk eg nokre ord og bilete av sjølvaste  Lillebror og Tore Halvorsen. Til orientering for lesarar som oppheld seg her nede: Tore skal synge der onsdag.

Og det var allt. Turen heim med buss gjekk upåklageleg.