onsdag 10. mars 2010

dag 4. Avslapning

I dag er ein av dei dagane det ikkje er rart å skriva om. Det har vore overskya stort sett heile dagen så tida har vorte nytta til å rusle rundt i byen. Hovudstoppen vart ved stranda som vaneleg så derfor dette oversiktsbiletet teke på veg heimatt.
Kvelden i går vart nytta til ein triveleg tur til Puerto Rico. Der var me ute og åt middag med slektningar av Oddrun.
I kveld blir det ein tur ut for å ete middag her i byen.


tirsdag 9. mars 2010

Dag 3. Gåtur til San Augustin / Soling

Slike figurar laga i sand finns det alltid fleire av langs promenaden frå Playa del Ingles til San Augustin. Dei vert laga for fortenesta sin del. Kunstnaren har oftast lagt ut eit pledd eller liknande som dei forbipasserande kan kaste ned nokre slantar på.
Dette var utan tvil den mest imponerande i dag.
Eg og Knut Arvid har altså gått den fine turen til San Augustin i dag. Ein tur som tek ein times tid kvar veg. Det går gangveg heile vegen frå stranda på Playa til yttersete berget i San Augustin. For dei lokalkjende kan det opplysast at det no er opna oppatt ein liten serveringsstad i enden av vegen. Den har mangla i fleire år så det har liksom ikkje vore noko konkret mål å gå til. Men altså i dag nådde me målet og leska oss mede ein iskald halvliter med rim utanpå glaset til den nette pris av 2,30 euro som tilsvarar kr 18,90 .
Damene har sola seg ved bassenget i heile dag.
No er det lunchtid. Deretter vert det ein liten kvild før turen går til Puerti Rico der Oddrun har kjendtfolk frå heimetraktene me skal besøka.

mandag 8. mars 2010

Dag 2. Tur til Las Palmas

Lat meg fyrst slå fast. Debatten om bruk av setebelter i buss er ikkje like heit her nede som heime. Turen heim frå Las Palmas i dag gjekk 52 km på motorveg for full pinne med ca 15 ståpassasjera deriblandt oss fire.
Altså har vi vore på dagstur til Las Palmas i dag. Der inntok me lunch på restauranten McCarthy's. Der vart det både god mat og god drikke.
Restauranten ligg i ei gågate og hadde nokre utebord som me fekk plass ved etter litt listig venting. Medan vi sat der kom jammen sola også så det vart rett så fint.
Las Palmas er ein "ordentleg" by med 350 000 innbyggarar (Bergen ca 250 000). Når eg skriv "ordentleg" meinar eg by med alle funksjonar ein by skal ha og med byggningar frå mange tidsepokar- Ein ordentleg fin by det vesle me såg i dag

Været generellt har vore mildt, ca 24 grader, og heilt vindstille, Eit ypparleg vær for utflukter, men det er enkelte av oss som ynskjer å komma i gang med solinga. I morgon og onsdag melder Yr om delvis sol så då håpar eg at det skal berga husafreden framover.

søndag 7. mars 2010

Fyrste feriedag i syden

Så er ferien ordentleg i gang. Det har ikkje vore solevær i dag, 23 grader og overskya, så i dag gjekk me i samla flokk til "stamkafeen" vår. Der vart det ein øl eller to før me tok lunch. Også den på kafeen. Damene likar sjølvsagt å sole seg så dei hadde heilt sikkert sett pris på blå himmel, men når det vart som det vart så har me hatt ein fin dag.
På biletet over ser de Maspalomas-ørkenen. Biletet er teke på heimveg frå strandkafeen då eg og Alice tok ein liten omveg heim for å få ein liten "trimtur". I kveld blir det litt mat heime før me tek ein liten barrunde, mest truleg til dei norske kneipene som Naboen, Hurtigruta og Trollstua. Av shopping har det vorte litt barneklede som skal adresserast Trøndelag og eg har kjøpt meg ny hue. Dette var allt så langt, men det kjem meir i morgon.



torsdag 23. juli 2009

Byturblogg


Her kjem nokre ord frå årets avveksling frå bygdelivet i Luster. Som så ofte før har me teke oss 3 -4 dagar i Bergen som ein slags ferietur. Det fyrste me valde å gjera var ein spasertur til Fløyen i beste lustratradisjon. Roleg gange frå mi side og mest like sakte gange frå mi mykje sprekare kone si side. Det vart mykje start og stopp frå hennar side, då det verkar for at ho ikkje har låge nok gir til min fart. Men opp kom me oss, utan ein regndrope i hovudet og nedatturen vart gjort med fløybana.



Me har også kosta på oss litt urbant moro som til dømes raudvin på uterestaurant midt på lyse dagen, peppes pizza og middag på kinarestaurant.
Dagen i dag har gått med til shopping og det blir det også litt av i morgon, då me har tenkt å legga heimturen til Luster innom IKEA i Åsane.

Så er me plutseleg heime att til det kjende og trygge. Laurdag vert det nok te og rosinbolle på Lustrabui og ein prat med tilfeldige kjentfolk.