fredag 12. mars 2010

Fredag Nærradiodag

I dag har eg laga reisebrev til lydarane av nattsendinga på Radio Luster i kveld. Ei lita forteljing om korleis me har det og korleis me opplever det å vere turist på desse turistmaskinene under sola. Eg har med ein liten harddiskopptakar heimanfrå. Den har eg lese inn helsinga på og sendt den på e-post til nærradioen. Der har dei lagt den inn til avspeling seinare i kveld.
Det var allt for i kveld. No skal me på kinarestaurant.

torsdag 11. mars 2010

Riu Palace

Riu Palace nede ved sanddynene er det finaste og dyraste hotellet her på Playa. Her ser de inngangspartiet som me passerte på veg heim frå stranda i dag. Dette er etter værmeldinga den siste dagen med slikt vær at me får damene med på spaserturane våre. I morgon blir etter Yr si meining den fyrste av mange dagar med strålande sol. Ikkje for det, eg tykkjer det har vore strålande så langt også. Nokre få og tjue grader, stille og overskya er prima vær både til spasering og utpils. I kveld blir turen lagt til Kasbah og restauranten Padaban der dei har exellent Pizza i tillegg til ein heilt ok meny med alle andre slag mat.

onsdag 10. mars 2010

dag 4. Avslapning

I dag er ein av dei dagane det ikkje er rart å skriva om. Det har vore overskya stort sett heile dagen så tida har vorte nytta til å rusle rundt i byen. Hovudstoppen vart ved stranda som vaneleg så derfor dette oversiktsbiletet teke på veg heimatt.
Kvelden i går vart nytta til ein triveleg tur til Puerto Rico. Der var me ute og åt middag med slektningar av Oddrun.
I kveld blir det ein tur ut for å ete middag her i byen.


tirsdag 9. mars 2010

Dag 3. Gåtur til San Augustin / Soling

Slike figurar laga i sand finns det alltid fleire av langs promenaden frå Playa del Ingles til San Augustin. Dei vert laga for fortenesta sin del. Kunstnaren har oftast lagt ut eit pledd eller liknande som dei forbipasserande kan kaste ned nokre slantar på.
Dette var utan tvil den mest imponerande i dag.
Eg og Knut Arvid har altså gått den fine turen til San Augustin i dag. Ein tur som tek ein times tid kvar veg. Det går gangveg heile vegen frå stranda på Playa til yttersete berget i San Augustin. For dei lokalkjende kan det opplysast at det no er opna oppatt ein liten serveringsstad i enden av vegen. Den har mangla i fleire år så det har liksom ikkje vore noko konkret mål å gå til. Men altså i dag nådde me målet og leska oss mede ein iskald halvliter med rim utanpå glaset til den nette pris av 2,30 euro som tilsvarar kr 18,90 .
Damene har sola seg ved bassenget i heile dag.
No er det lunchtid. Deretter vert det ein liten kvild før turen går til Puerti Rico der Oddrun har kjendtfolk frå heimetraktene me skal besøka.

mandag 8. mars 2010

Dag 2. Tur til Las Palmas

Lat meg fyrst slå fast. Debatten om bruk av setebelter i buss er ikkje like heit her nede som heime. Turen heim frå Las Palmas i dag gjekk 52 km på motorveg for full pinne med ca 15 ståpassasjera deriblandt oss fire.
Altså har vi vore på dagstur til Las Palmas i dag. Der inntok me lunch på restauranten McCarthy's. Der vart det både god mat og god drikke.
Restauranten ligg i ei gågate og hadde nokre utebord som me fekk plass ved etter litt listig venting. Medan vi sat der kom jammen sola også så det vart rett så fint.
Las Palmas er ein "ordentleg" by med 350 000 innbyggarar (Bergen ca 250 000). Når eg skriv "ordentleg" meinar eg by med alle funksjonar ein by skal ha og med byggningar frå mange tidsepokar- Ein ordentleg fin by det vesle me såg i dag

Været generellt har vore mildt, ca 24 grader, og heilt vindstille, Eit ypparleg vær for utflukter, men det er enkelte av oss som ynskjer å komma i gang med solinga. I morgon og onsdag melder Yr om delvis sol så då håpar eg at det skal berga husafreden framover.