mandag 9. mars 2026

Dag tre på Gran Canaria

 

Det var folksomt på strandpromenaden til San Augustin i dag då me starta på spaser/trimturen vår dit. Meir er ikkje å sei om det. Om de vil vete meir så finn du det på tidlegare års bloggar. Me har no vore her 21 år på denne tida. Alle desse åra har eg gått denne turen og dei fleste av åra har eg dokumentert det på denne blogen.

I dag vil eg heller vise litt frå der me bur. Den blå streken viser det. Innreiinga er standandard: Sovrom med to enkeltsenger, bad med det som trengst, opphaldsrom med spisebord med fire stolar, tv heng på veggen med nrk sine kanalar, Ein sofa som ikkje er vidare å sitje i men som kan gjerast om til seng. Ein lenestol er også del av møbleringa. Så har me balkong med bord og to stolar. 

Her er utsikten frå balkongen.

Men me har meire. Me har takterrasse med to solsenger og det er vorte populert. Den er rett nok ikkje fullt så stor som biletet visar. Biletet måtte takast med vidvinkel av personlege grunnar.

No er me heime att etter ein tur på byen. Middagen vart i kveld grilla svinefilet på ein restaurant på Yumbo, ein serveringstad me har gode erfaringar med frå tidlegare. Deretter gjek turen tradisjonen tru til Terrassen på Kasbah for å sjå på danseoppvisning med eit lite glas Veterano til.

Takk for i dag.

søndag 8. mars 2026

Dag 2 på Playa del Ingles 2026

 

Etter eit døger med lite søvn og tidleg til sengs i går vart det tidleg opp i dag. Før klokka 10 var me komne på stranda i lag for å gå til fyret og Maspalomas.

Det var ekstra fint og gå i dag, me gjekk på våt, fast sand heile vegen. likevel var det godt å sjå fyret og endestasjonen vår.

Skulle ein bergensar beskrive denne karen ville vel han nytta ordet månebedåtten. Men formen var betre enn fotoet gjev inntrykk av. Etter kvart sitt glas drikke var me begge klar for retuen.

Heimturen gjekk gatelangs. Litt kjedeleg kanskje, men det gjekk fort og fint.

Plutseleg var me på toppen av bakken opp til Playa del Ingles platået. Der kunne me sjå attende til fyret der me nyss var.

I fyrste etasje på Yumbo var det tid for lunch. Me bestillte kvar vår club sandwich. Det har dei på pyramidekafeen så det trudde me at me visste kva var. Men mengden vart ei overrasking. Bygd opp av tre heile skiver med rikeleg med salat og kyllingkjøt mellom, ei skål med salat i tillegg og ei mengde med pomfri (om det er lov å skrive det slik).

Den andre kvelden her i syden starta i kjellaren der me bur. Der er det ein italiensk restaurant med namnet Rimini. Då er det i blandt lurt å bestille noko italiensk, derfor vart det Pizza pepperoni på fruen og Spaghetti carbonara på meg. Begge rettane var akkurat som forventa og det vil seie gode.
Deretter gjekk turen til tribunen til dansegolvet på Kasbah. No er klokka 9 og vel så det og då er dei gamle komne heim.

Takk for i dag.


lørdag 7. mars 2026

Fyrste døgeret på årets tur til Playa del Ingles..



Middels sjeggete starta årets utanlandsreise til Syden, plassert på bakarste benk hos SAS. Leggetid klokka 0,30 og ringeklokka stillt på 4.00 gjev ikkje mykje sovetid.


Men trøsta var at me hadde 180 andre like trøytte framfor oss.

Då er det godt å ha noko å følje med på i desse vel 5 timane me set der samankrøkte og lurer på om det er fornuft i å frakte oss i samla flokk ned på denne øya der berre veret er betre enn heime. På denne turen brukte eg ein halv times tid på å observere eit fly under oss som me kappkøyrde med.

Etter kvart får me sjå fjelltoppen Teide på naboøya, stikke opp gjennom skyteppet, 3718 meter over havet. Då er det liksom ikke så dumt med denne ukomfortable flyturen likevel.

Etter at me var tildelt buplass desse 14 dagane, gjekk turen ned til stranda. Som de ser er temperaturen ei å klage på.

Mat må alle ha. Vårt fyrste middagsmåltid inntok me på det me må kalle stamkafeen vår, som ikkje tilfeldigt er ein såkalla kinarestaurant. 

Det var det me hadde å rapportere frå dette fyrste døgeret.
Takk for at du vitjar denne reisebrev-sida vår.


lørdag 6. september 2025

Dag 7, den siste dagen på Kreta for i år.



Denne siste dagen i Rethymnon tok eg meg ein spasertur i høgda. Mest heile øya er dekka av oliventre og ein smal veg gjennom ein olivenlund førde meg opp i bakkane over byen. Det er tusenvis med olivenar på desse trea.



Det er ikkje rare greiene no når det nermar seg innhausting heime. Men desse vert ikkje hausta før nerare jul. Desse skal bli til olivenolje, men også dei som me får servert til maten er som regel mykje mindre enn dei me får heime.



Eit par utsynsbileter må me vise i år også. Eg trur eg har fotografert frå same fyllinga på tidlrgare reiser hit også. Dette er mot aust.



Og dette er mot vest


På min veg gjekk eg også forbi denne luksusvillaen. 


Eg trur eg har vore her og fotografert tidlegare år også. Men eg er stadig like forundra over at mest ingen har funne denne flotte plasseringa av ein serveringstad. Det var like tomt her som sist.


Lunchen tok me også i dag på stamkafeen. I dag vart det gresk salat på meg. Same kva du vel av drikke til maten så vert det eit glas med oyzo "på huset" når me betalar for oss. For dei to damene rundt bordet vart det Cola Light til maten og ein dram attepå.



Etter lunch tok eg turen  vestover mot gamlebyen. Det er fleire kilometer lange strender her, men eg trur nok det er her i denne lange bukta det er aller finast å bade. Som alltid når det er trygge forhold til det, var det rikeleg med folk som valde det våte element i dag.

Motorsykkel er det valde framkomstmiddel for svært mange her og då må det også finnast ein motorsykkelparkeringsplass. (For dei som ikkje vel fortauet)

Havneområdet framfor gamlebyen er ein populer plass for matservering.

Det er ikkje breie stripa frå husa til bryggjekanten men dei får plass til eit bord eller to. Så kan folk smyge seg forbi heilt ut på kanten. Det er utruleg at ikkje fleire hamnar i vatnet.


Eit siste solnedgangsbilete måtte festast til elektronikken før det var klart for det siste måltid. Denne stamkafeen vår er så populær etter kvart, at utan å tinge bord er det umogeleg å få plass. Me hadde tinga til oss fire, men etter kvart hadde me fått utvida til to til som nyss var komne frå Årdal. Då mate var innteken fekk me trykt oss saman så me fekk plass til alle som ville. Eg trur me var ti  samla rundt bordet vårt til slutt.


I det sola stig opp over hustaka laurdagsmorgonen seier eg takk for fyljet til dykk alle som har valt å lese desse daglege orda frå oss i syden. 

No er veska pakka og me dreg via frukostbuffeen til bussen som hentar oss klokka fem over ni.

Seint i kveld er me i Luster att.





fredag 5. september 2025

Dag 6, berre ein heil dag att etter dette.


I dag var dagen for ut  på biltur og dette var bilen me tinga oss. I solsteik og 29 grader på termometert, var dette rette valet, følte me.


Previeli Beach var fyrste valet for turen. Det er ei lita strand med tilgang via bratte trapper ned herfrå, der dette biletet er teke.


Her er me på veg ned. Stranda ligg i elvosen til ei elv som er kjend for si dramatiske ferd gjennom eit smalt juv. Det kjem me attende til seinare i denne forteljinga.


Og her er me nede. Det er mogeleg å komme hit på andre måtar også. Blandt anna med båt frå den staden me kjem til her:
 

Plankas heiter staden båten kjem frå og dit køyrde me etter at me hadde klatra opp att same trappetrinna me gjekk ned. Slik ser det ut der. (På lang avstand)

Der fann me ein koseleg uterestaurant, inne i ein liten skog, mellom vegen og stranda. Etter at me hadde funne oss eit ledig bord til fire, var det ikkje lenge før me fekk presentert dagens meny.  Mange freistande tilbod gjorde oss alle ivrige på å få bestille.


Men kvar det blir av kelnaren som skal ta mot våre ynskjemål. Han måtte me sjå langt og lenge etter.


Nei, pokker heller, me går.


Rett over gate og eit par steg til. Velkommen inn. Tyrste og dehydrerte var det fort me fekk meny, to flasker vatn, litt vin, litt jus og 10 glas på bordet. Alle åt deretter den greske retten moussaka og var vel fornøgde.



Heimturen gjekk på gode vegar gjennom tronge juv. Nett dei juva som enda på den før nemde badeplassen. 
Sjå her, ordførar, her er dei ikkje redde for høge skjeringar for å få midtstripe på vegen.



Hus langs vegen fekk dei også plass til. Og om du trur dette skremmer vekk turistar så tek du feil her i alle fall.

Dette var allt for i dag. Kvelden har me tilbrakt på stamkafeen vår. Der vart det både middag og noko godt i glasa, før me tok kvelden til eit folkeleg tidspunkt. Ja litt for tidleg for meg og J. Men allt gjer me for husafreden.

Takk for i dag. I morgon kjem siste rapport frå syden hausten 25.