søndag 13. april 2008

Helgeaktivitetar

Denne helga har gått med til arbeide for Radio Luster. Laurdag var eg på Molden med nytt sluttrinn til omformaren der oppe. Me leigde O.A. Melheim med snøscoter for transporten av både meg og slutrinnet. De har lenge vore problem med sendaren der oppe. Den har periodevis slege seg ned på redusert sendeeffekt. Det viste seg at det var kjølevifta var defekt med det som følje at sendaren slo seg ned på spareeffekt til den var avkjølt at.
Heldigvis var dette ein av dei mogelege feila me såg føre oss at det kunne vera. Derfor hadde me med nytt utstyr opp.
No virkar sendaren betre enn nokon gong.
Også i dag har eg nyta ein del av dagen til radioarbeide. Me har oppdatert eit dataprogram kalla Dalet og kjøpt inn maskinvare til dette. Dette har eg i dag ferdiggjort installasjon og tlkobling av.
No ventar me familiebesøk så det blir "sosiale akrivitetar" resten av dagen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar