torsdag 3. april 2008

Torsdag

Biletet i dag er av vindmoeller i Vecendario. Dette for á minna oss om at det ikkje berrre i Norge me er flinke med rein kraft. Her nede er elektrisitett og reint vatn ein stor utfordring. Bruk av vindmoeller til kraftproduksjon er mykje utbreidd. Mens ein er i det filosofiske samfunnfag-hjoernet er det ogsá verd ein tanke at eg ikkje har sett ferskvatn anna enn i springen sidan eg kom ned hit. Ein utenkeleg tanke i Norge. Ikkje ei elv eller ei lita sitle nokon stad, ikkje fuktigheit nokon stad.

I dag har me vore til Aringurigin? (ikkje heilt rett skrive men rettare enn sist). Eg Alice og Knut A tok bussen ut berre for avvekslinga sin del. Der rusla me rundt i gatene litt, var ein tur i havna og ság pá bátar og havneliv og til slutt át me lunch, foer me tok bussen attende. Oddrun valdr á nytta dagen til soling og strikking heime pá terrassen pá Jardin del Sol

Vil til slutt nevne at firmaet heime blir styrt fortreffeleg av Frode. I dag ringde han og spurde kor tid eg kom heim. No hadde han teke pá seg sá mykje arbeide at han hadde problem med á vinna over allt. Bilen gár dag og natt i teneste for meg, Frode Fjordglas og landet várt.

I det me no er ferdig med fyrste veka og er kommen eit stykke ut i den andre seier eg takk for i dag fráa oss nede i steikvarmen rett nord for ekvator og velkommen rundt veven i morgon.

1 kommentar:

  1. ein liten rapport frå Luster....... sol her og i dag. eg og han far har vore i Førde i dag ..han har teke mål av ny linse til høgre auge..... så no vert det å venta på operasjon... ellers kunne eg godt tenkt meg å vera med på kinamat det er GODT blekksprut er og godt viss den er skikkelig tillaga og ikkje seig...

    SvarSlett