tirsdag 10. mars 2009

Dag 4 med sol og varme.

I dag har me hatt den beste dagen sà langt nàr det gjeld sol og varme. Sol frà skyfri himmel heile dagen og stabilt 27 -28 grader i skuggen. Eg og KA har vore vàr faste runde ned pà stranda. Heimvegen gjekk pà gangvegen langs sanddynene, deretter gatelangs til Sosialkontoret som er ein ikkje offentleg hjelpeinstitusjon for tyrste nordmenn. Etter ein kvil der gjekk turen heim. Biletet er av naboen der han sit sà kry og viser fram dei fine blomane han har kjopt til sin frue.

Ellers har Johnny Gj ringt oss og bede oss om à legga inn ein dag til vitjing av dei ute i Puerto Rico.

Det skal me nok fà til og me gledar oss til det. Sà blir det vel til at dei vitjar oss ogsà

Resten av lustringane, dei me var ute med heile sundagen, har me ikkje verken hoyrt eller sett meire til.

Heimanfrà har me fàtt spøsmàl frà kjøkensnikkaren vàr om kva kjøkeninnreiing me skal ha. Det rekna me som eit godt teikn dà slike sporsmàl mà vera irrelevante utan god framdrift i riving og oppattbygging.

Det var allt for i dag om ikkje lysta til eit tillegg kjem pà heimvegen frà byen i kveld.

2 kommentarer:

  1. Hallo!
    Har vore å henta posten i dag, og då var hagen full av gammalt kjøken!!
    Men mamma kan ta da heilt med ro...Petter og Kolbjørn skal inn seinare i dag og rydda 80)

    Lena

    SvarSlett
  2. Hallo
    Ser de har det rett fint........
    Eg har vore nede og teke bilder av kjøkkenet kvar dag so de skal få sjå framgangen......skal eg legga det på bloggen min kansje så får de følja med
    Astrid

    SvarSlett