Kva er det med dette biletet? Jo, sola skin men berre dei mest ihuga solar seg. Det har ikkje vore slikt ver me ynskjer oss i dag. Sola kjem og går og det same kan ein sei om vinden.
Likevel tok me turen ned til stranda i dag. Også der la det ustabile veret preg på folkelevet her. Meininga var å ta lunchen her men det slo me fort frå oss. Etter ei lita stund i sandstormen vende me kursen opp i byen att. Det var spansk omelett som var ynskjemålet vårt i dag.
Etter å ha tråva halve byen rundt etter nokon som hadde dette på menyen, valde me til slutt det kjende Restaurant Jardin del Sol. Det var naboen vår i 17 år så der var me sikre på at dei hadde det. Spansk omelett har potetskiver i sjølve omeletten så det er ikkje heilt vanleg å få pomfritt til, men det var heilt ok.
Ein liten historie frå laurdag då me kom hit. Det fyrste me måtte gjere var å gå på butikken og kjøpe inn det me trong i kjøleskåpet. Eg fann varene og gjekk i kassen. Fram med kortet og betalte. Eg såg ikkje så nøye på prisen men i det eg gjekk ut hadde eg ein følelse av at noko var galt. Heimkommen såg eg på kontoen at det var trekt vel 2000 kroner.
Så tok eg med meg alle varene attende i håp om å få godkjendt at eg hadde betalt for mykje.
Då eg nerma meg såg eg det var oppstyr i kassen. Ho som hadde ekspedert meg peika på meg og sa: Der er han. Dei beklaga seg felt, ho i kassen stakkar, ny i jobben beklaga seg aller mest. Eg kjøpte tre tomater, totalt 3,5 hg. Ho stakkar hadde slege inn 35 kilo.
Dagen etter hadde eg fått att pengane og tomatene fekk eg gratis.
Slik såg det ut då kveldens middag var innteken. Me valde kinarestauranten att i kveld.
Det var allt for i dag





👍🌺
SvarSlett