Desse telefonane våre er så mangt meir enn ein telefon. I dag vart me minna om alle dei fine turane våre i lag med naboane. Her sit me 4 fire (tre + fotografen) på den 8. turen hit i lag. Det vart 13 turar til saman.
Kveldens tur for middag/kveldsmat vart ein kort ein. Me har restaurant i kjellaren så me slepp ut under open himmel for å nå dit. Litt dyr til kvardags men sidan det er fredag så kosta me på oss det.
Eg skal spare dykk for matbilete, i kveld vart det pasta bolognese. I staden kan de få sjå ølet mitt. Levert i glasflaske av finaste og sikkert dyraste slag.Så må det også nemnast at i dag har me hatt ordentleg sydenver. Blå himmel heile dage med ei steikande sol over. Litt vind har det vore, men det har vore berre svalande. Slik vert det viss nok i morgon også.
Soling er som de veit ein hendingslaus aktivitet så meir er det ikkje å skrive om denne dagen i syden.
Takk for i dag.

Kos dykk godt. Regn og vind her.☀️🤙🤙🤙😎😎
SvarSlett