mandag 15. mars 2010

Carneval og båttur

Denne veka er karnevalsveke her på Playa del Ingles. Her ser de eit bilete av scena der det var opptreden i går kveld. Både opptoget gjennom gatene siste helga og kostymeframvisninga i går kveld er av imponerande kvalitet og kan godt samanliknast med det beste av slikt me ser på fjernsyn frå tid til annan. Årets avslutningsopptog får me ikkje sjå for me reiser heim dagen før.
Dagens program har innehaldt båttur til Puerto de Mogan. Her ser de båten me reiste med. Me var ca ein time til sjøss. Ein fin tur i strålande vær begge vegar.
Det var valfritt returtidspunkt så me stoppa nokre timar på endestoppen. Her ser de reiseføljet minus fotografen på handletur i Puereto de Mogan. Det vart tid til både shopping (glåming og kjenning på stoff), lunch og ein tur i båthavna. Det ligg svært mange fritidsbåtar i aller høgaste prisklasse her fast. Dei fleste har ein eigar oppe i Europa ein stad.
No blir det ein tur bort til naboen for ein jeger og ein cognac.

søndag 14. mars 2010

San Fernando sitt bedre strøk.

I dag har vore ein kviledag på sett og vis. Derfor vil eg visa dykk nokre bilete frå ein tur eg gjekk opp dit lokalbefolkninga bur. San Fernando heiter det der og dei gatene eg viser bilete frå er det finaste strøket. Som det fyrste biletet viser er dei ikkje redd for å legga nokre timar ekstra murararbeide i husa sine. Allt her nede er murt eller støypt og svært ofte er det belagt med stein av ymse fargar.
Det som ikkje er belagt med stein er måla, og då er dei ikkje redde for å bruke fargar. Rosa er ein av yndlingsfargane her. Etter det erfaringane eg har heimanfrå kan det tyda på at det er dei aller yngste i familien som får velja farge på husa.
På veg heim kom eg over denne snertne lastebilen. Bilmedrket Smart er det ein heil del av her nede, både den vanlege me ser heime i blandt og ein slags sportsmodell. Dette kan vel sjå ut som lastebilutgåva av same bil.

Til slutt nokre ord om livet her nede. Gårkvelden vart lang. Me trefte nokre Årdøler som lokka oss til ikkje å dra heim kl. 23 som vaneleg. Me vart derfor sittande på ein norsk bar som heiter Naboen til langt på natt. Når det gjeld bilete frå den tilstelninga viser eg til Facebook.
I dag har vore den finaste dagen så langt når det gjeld vær. Knallblå himmel og steikande hete så sjølv Alice måtte trekka inn i skuggen til slutt.
I morgon blir det båttur til Puerto de Mogan om allt går etter planen.

lørdag 13. mars 2010

Gåtur til El Faro


I dag har spaserturen vår gått til Fyren, El Faro som det heiter på lokalspråket. Ein fin tur som kan takast to veger. Me kan gå i strandkanten rundt heile Maspalomas-ørkenen eller me kan gå gjennom bebyggelsen i Maspalomas. Me gjorde det siste begge vegar. Ein tur som går på breide fortau og gangvegar heile vegen.

Som her vert bevist, været var ikkje noko å sei på. For at ingen skal tru at me lyg stillte KA seg opp ved ein gradestokk av det store slaget
Mange slags tilbod er det langs vegane. Her ser de over elva til kamelridinga. Her kan du få vera med på kamel-rideturar rundt i utkanten av og kanskje litt inn i den vesle ørkenen her.
Maspalomas er kanskje mest kjendt for golf og hyttebyar. Her har me teke bilete ned på ein av desse hytteklynjene. Som dei lokalkjende sikkert vil oppdaga er biletet teke i bakken oppatt til Playa del Ingles.
Dette var ein liten minireportasje frå kara-turen. Damene har halde seg ved bassenget i heile dag så dei er etter kvart vorte noko sydlandske i utsjånad. Bileter av denne aktiviteten får me inntil vidare ikkje legga ut til ålmenta.
No sit me og vurderar å dra på båttur frå Arguineguin via Puerto Rico til Puerto de Mogan og retur. Den som kikkar innom her i morgon vil sjå om det blir noko av då.

fredag 12. mars 2010

Fredag Nærradiodag

I dag har eg laga reisebrev til lydarane av nattsendinga på Radio Luster i kveld. Ei lita forteljing om korleis me har det og korleis me opplever det å vere turist på desse turistmaskinene under sola. Eg har med ein liten harddiskopptakar heimanfrå. Den har eg lese inn helsinga på og sendt den på e-post til nærradioen. Der har dei lagt den inn til avspeling seinare i kveld.
Det var allt for i kveld. No skal me på kinarestaurant.

torsdag 11. mars 2010

Riu Palace

Riu Palace nede ved sanddynene er det finaste og dyraste hotellet her på Playa. Her ser de inngangspartiet som me passerte på veg heim frå stranda i dag. Dette er etter værmeldinga den siste dagen med slikt vær at me får damene med på spaserturane våre. I morgon blir etter Yr si meining den fyrste av mange dagar med strålande sol. Ikkje for det, eg tykkjer det har vore strålande så langt også. Nokre få og tjue grader, stille og overskya er prima vær både til spasering og utpils. I kveld blir turen lagt til Kasbah og restauranten Padaban der dei har exellent Pizza i tillegg til ein heilt ok meny med alle andre slag mat.