søndag 13. april 2025
Dag 9 palmesøndag.
Den 8. dagen, Laurdag er turdag
Målet for dagen var å sjå meir av staden enn det som ligg mellom hovudvegen og havna. Det er dit me har hamna kvar gong me har vore her. Den høgste bebyggelsen til venstre er målet i dag.
Her er eg på toppen sv den smale trappa, glad og lukkelg. No ser eg at eg er på rett veg. Etter 50 meter på veg vidare ser eg at den breie trappa også endar her. Eg skulle berre ha teke ei lita trapp til etter den store. Kan moralen her vere: Du må gjerne surre rundt på den breie vegen. Har du flaks så finn du fram til sist.
Men vel du den smale lange strevsame trappa er du sikker på at du når fram, slik eg har gjort her. Eller ikkje heilt. Ser du den vesle stien i enden av snuplassen. Dit gjekk eg for å få ordentleg oversyn over byen med et vanskelege namnet.
Nedatt tok eg den breie vegen og passa på at det skulle vere mest mogeleg nedoverbakke. Då er det uungåeleg å treffe på motbakke i blandt men det går som regel bra til slutt. Vegen kan bli lang men ein får sjå ting ein ikkje visste om.
lørdag 12. april 2025
Dag 7 og me er halvveges.
Men det var dette som var målet mitt. Som regel, når det let seg gjere, tek eg ein tur på ein gravplass når eg er på ukjende plassar. Her har eg vore før, men det er lenge sidan så i dag tok eg turen omatt.

Det er mangt ein kan finne på ein slik tur, men ein bil som er køyrd så langt den går og forleten for alltid er heller skjeldan.
Her ser me litt av fattigdom her. Det er mange av lokalbefolkinga som har måtta ty til tigging og det er nok ein del av dei som må ta til takke med elendige buforhold også. Ikkje minst dei mange meir eller mindre ulovlige flyktningane frå Afrika.
Her er også ein slik "landsby". Tidlegare var det ei mengde hundar å høyre på desse plassane men no er det mest hanegal og ein og annan som kikkar ut or ei falleferdig dør. Eg veit ikkje om det bur folk her men det ser slik ut.

Attende til sivilisasjonen vart det handel. Det er taxfree-kvoten som har fått plass blandt alt anna viktig, som pengepung, brillehus, tyggis. snårepapir og håndsprit.
Etter middagen flytta me litt på oss og tok desserten. Ikkje noko nytt med Veterano til høgre men Bailys Espresso servert i min-døypefont i kopar var nytt for meg.
torsdag 10. april 2025
Dag 6 torsdag.
Dagens reisebrev vil handle mest om veret. Me vakna i dag til klar himmel, men vått på rekkverket vårt. Gårdagens vermelding melde både om dette regnet og meir av det same i dag.
Men vel nede på promenaden såg det skummelt ut. Svarte skyer og ei god regnbye i horisonten var teikn på at denne turen kunne bli ein våt fornøyelse.Men sjå her. Regnbya bles forbi langt til havs utan at ein einaste drope fall på min veg.Og turen min langs denne verdens minste ørken, Dunas de Maspalomas som den heiter. vart ein fin godverstur.

Det var allt for i dag.






















.jpg)




















