lørdag 12. april 2025

Dag 7 og me er halvveges.

 

Dagens ut på tur gjekk i retning Fataga-dalen. Skiltet her fortel at vegen vert stengd den 26 og 27 april fordi den skal brukast til Rallyløp.

Eg vart fort åleine som gåande då fortauet tok slutt, men syklistar var det mange av. Eg såg i avisa Natt og Dag at dei er like lite likte i trafikken her som heime. Som de ser er dei også her nokså romfrekke.

Men det var dette som var målet mitt. Som regel, når det let seg gjere, tek eg ein tur på ein gravplass når eg er på ukjende plassar. Her har eg vore før, men det er lenge sidan så i dag tok eg turen omatt.

Det er vegger med firkanta gravkammer, fire i høgda der kistene vert sett inni og deretter støypt att. Seinare vert det oftast sett inn ei slik plate med skrift på.

Dei eg har fotografert er dei mest dekorerte. Det finns mange som ikkje får noko plate framføre. Der er det berre rissa inn i støypen tal og bokstavar som gjer at ein gjennom kartotek kan sei kven den tilhøyrer.

Turen nedatt valde eg å gå min eigen veg. Det er fint å gå kvar ein vil i naturen her. Det er knusktørt underlag av småstein, sand og ei slags jord. Ein må berre passe seg å ikkje bli stansa av bratte skrentar og stup, slik som her.


Det er mangt ein kan finne på ein slik tur, men ein bil som er køyrd så langt den går og forleten for alltid er heller skjeldan.

Her ser me litt av fattigdom her. Det er mange av lokalbefolkinga som har måtta ty til tigging og det er nok ein del av dei som må ta til takke med elendige buforhold også. Ikkje minst dei mange meir eller mindre ulovlige flyktningane frå Afrika.

Her er også ein slik "landsby". Tidlegare var det ei mengde hundar å høyre på desse plassane men no er det mest hanegal og ein og annan som kikkar ut or ei falleferdig dør. Eg veit ikkje om det bur folk her men det ser slik ut.


Attende til sivilisasjonen vart det handel. Det er taxfree-kvoten som har fått plass blandt alt anna viktig, som pengepung, brillehus, tyggis. snårepapir og håndsprit.

Me tok buss til serveringtaden for kveldens middagsmåltid.

Dette er staden me drog til. Lustringar som har vore på Gran Canaria kjenner seg sikkert att. Det er staden dei fleste reiser til, Puerto Rico.

Eg valde Husets Schnlitzel, eit godt val.  Men det var også ein overraskelse der. For å gjere det til husets må ein ha noko med den som ingen andre har. Noko søtt og saftig eg ikkje veit kva var er for lite, men det eg trudde var ei lita pølse var nok det som gjorde det til husets. Ei halv banan.
Pepperonpizza var også eit godt val. Den vesle vrien her var at dei hadde supplert med salamipølse.
 
Etter middagen flytta me litt på oss og tok desserten. Ikkje noko nytt med Veterano til høgre men Bailys Espresso servert i min-døypefont i kopar var nytt for meg.

Takk for i dag.


3 kommentarer:

  1. Det var ei blid linselus de hadde bak dykk på bussen 🤭

    SvarSlett
  2. Ser ut for at de koser dykk
    Hels fruen

    SvarSlett
  3. Fin dag og kveld. Kos dykk vidare.🐣☀️🌹🌹

    SvarSlett