Dagens reisebrev vil handle mest om veret. Me vakna i dag til klar himmel, men vått på rekkverket vårt. Gårdagens vermelding melde både om dette regnet og meir av det same i dag.
Men vel nede på promenaden såg det skummelt ut. Svarte skyer og ei god regnbye i horisonten var teikn på at denne turen kunne bli ein våt fornøyelse.Men sjå her. Regnbya bles forbi langt til havs utan at ein einaste drope fall på min veg.Og turen min langs denne verdens minste ørken, Dunas de Maspalomas som den heiter. vart ein fin godverstur.
Men vel heimkommen kom veret til oss også. Ei god regnbye varande i eit halvt minutt. Men det friskar berre opp lufta. Er det ikkje det me seier.
Middagen tok me i restauranten som ligg i etasjen under oss der me bur. Som der ser på hotellveggen vår er det italiensk mat som er deira spesialitet. Det vart pasta på oss begge i kveld.

Det er ikkje ofte me kjøper dessert, men i kveld kosta me på oss ei ordentleg kaloribombe. Det såg ikkje så fint ut her men det var ein slags pudding med lag av flytande karamell og ei kule is i knust marengs på toppen.
Det var allt for i dag.






Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar