fredag 19. mars 2010
Feriens aller siste dag.
Så har me snart brukt opp den siste dagen av ferien også. Den brukte eg og KA på "stamkafeen" vår nede ved stranda. Eg veit ikkje når me gjorde det til vane å stikka innom her for eit glas dei fleste dagane før vår daglege tur, men det må ha vore for ein 6 - 7 år sidan. Som de kanskje ser heiter den Long Beach og ligg heilt ned til stranda. Ikkje noko spesiellt med denne, både leiing og betjening har skifta mange gonger sidan me starta denne vanen.
Altså i dag kom me ikkje lengre enn hit så i dag blei det 2 glas på kvar i staden for det vanlege 1.
Det som kanskje har gjort at me har holde ved denne vanen er at det alltid har vore sjarmerande smilande og inkluderande personale her. Det er vel tre vi har forholdt oss mest til i år. Guten som er jøglaren blandt dei var ikkje på arbeide så derfor berre bilete av jentene hmmmm.
Dette er den mest sjarmerande og utadvente som verka for også å vera arbeidsleiaren.
Og her er den meir beskjedne og sikkert nytilsette. Det verka som at ho steig i gradene medan vi var der, frå den som rydda og bar inn mat til å ta mot kundane og til å ta opp bestilling.
Om det blir fleire feriebloggar i år veit eg ikkje enno. Det blir i så fall ein kort mobilblogg frå turen heim i morgon.
Eg vil i alle fall takka alle som har fylgt oss på denne bloggen i år. Det har vore fint med attendemeldingane me har fått frå ymse hold og gjennom ymse kanalar.
torsdag 18. mars 2010
Den nest siste feriedagen
I dag, på ferieturens nest siste dag gjekk eg og KA samme turen som på vår tredje dag her nede. Også i dag vil eg presentera sandkunsten som vert laga langs promenaden til San Augustin. Frå dengong hadde denne flinkaste av dei laga ein statue til. Som de ser av bilete er det imponerande storleik på dei. Denne gongen skal de også få sjå bilete av kvar einkelt av dei.
I dag har vore den varmaste dagen sidan me kom. Temperaturen har holdt seg rundt 30 i heile dag.
Etter at me kom heim frå San Augustin har eg laga ei helsing til å senda på Radio Luster i morgon kveld medan Alice har vore i San Fernando på handel og kom strålande attende med posane fulle med klede til alle borneborna. Gled dykk mødre.
onsdag 17. mars 2010
Den tredje siste dagen
I dag er det ikkje rart av hendingar å skriva om. Difor nokre ord om ølprisar og tyskarar. Ja engelske fotballsupportarar også forresten. For desse er det ein ting som er viktigare enn noko anna her nede på Afrika-holmane som ein tilskrivar benemde dei som i går. Den tingen er ølprisane. Som biletet visar er prisen på 0,4 liter øl kr 8,23 etter gårdagens kurs. Eg gjekk gjennom eit slikt "tysk" område i dag. I overgangen frå meir internasjonalt territorium var prisen 1,50 euro, litt lenger fram, der du ikkje såg frå inngangen vart den 1,30, så 1,20 og så til slutt 1,00 euro overallt. Den "vanlege" prisen er omkring 2,80 til 3,30 medan på dei typisk norske områda er prisen ofte 3,70 og meir.
Ellers kan det nemnast at det er Sanint Patricks day i dag. Irane sin nasjonaldag til minne om landet sin skytshelgen. Dette blir feira med Guiness øl og musikk og ikkje minst fargane grønt og oransje som er Irlands nasjonalfargar. Då eg gjekk forbi "festivalområdet" her i byen, i firetida, var festen allt i gang. Bandet var komme på scena og folk var komne både i synge og dansehumør.
I dag har Alice lege ved bassenget heile dagen medan eg har gått ein runde eller to i byen.
Det var allt for i dag. Så får me sjå om det er meir å skriva om våre bevegelsar i morgon.
tirsdag 16. mars 2010
Dag på stranda
Her ser de stoppestaden til damene i dag. Vi har vore på stranda for soling og spasering. Vi delte arbeidsoppgåvene slik at Alice og Oddrun tok seg av soling og bading medan eg og KA tok oss av spaseringa langs stranda.
Det har vore ein svært fin dag i dag. Kombinasjonen av strålande sol og heilt vindstille er ikkje så ofte me opplever her. Som de ser på biletet var det svært mange som hadde tenkt samme tanken som oss i dag.
Stranda var full av flotte badande damer så det var ikkje så lett å halda konsentrasjonen. Men vi klarde å halda oss. Vi gjekk heilt ut til neset og vel så det før me snudde og returnerte til startpunktet og ein bedre lunch. Under ser de Playa del Ingles i det fjerne i det me snur.

No er tida kommen for ein tur på byen. Det blir ein god middag på Trollstova før ferda går vidare til ei kneipe for ein dram eller to.
mandag 15. mars 2010
Carneval og båttur
Dagens program har innehaldt båttur til Puerto de Mogan. Her ser de båten me reiste med. Me var ca ein time til sjøss. Ein fin tur i strålande vær begge vegar.
Det var valfritt returtidspunkt så me stoppa nokre timar på endestoppen. Her ser de reiseføljet minus fotografen på handletur i Puereto de Mogan. Det vart tid til både shopping (glåming og kjenning på stoff), lunch og ein tur i båthavna. Det ligg svært mange fritidsbåtar i aller høgaste prisklasse her fast. Dei fleste har ein eigar oppe i Europa ein stad.No blir det ein tur bort til naboen for ein jeger og ein cognac.
Abonner på:
Innlegg (Atom)









