fredag 19. mars 2010

Feriens aller siste dag.



Så har me snart brukt opp den siste dagen av ferien også. Den brukte eg og KA på "stamkafeen" vår nede ved stranda. Eg veit ikkje når me gjorde det til vane å stikka innom her for eit glas dei fleste dagane før vår daglege tur, men det må ha vore for ein 6 - 7 år sidan. Som de kanskje ser heiter den Long Beach og ligg heilt ned til stranda. Ikkje noko spesiellt med denne, både leiing og betjening har skifta mange gonger sidan me starta denne vanen.
Altså i dag kom me ikkje lengre enn hit så i dag blei det 2 glas på kvar i staden for det vanlege 1.
Det som kanskje har gjort at me har holde ved denne vanen er at det alltid har vore sjarmerande smilande og inkluderande personale her. Det er vel tre vi har forholdt oss mest til i år. Guten som er jøglaren blandt dei var ikkje på arbeide så derfor berre bilete av jentene hmmmm.

Dette er den mest sjarmerande og utadvente som verka for også å vera  arbeidsleiaren.
Og her er den meir beskjedne og sikkert nytilsette. Det verka som at ho steig i gradene medan vi var der, frå den som rydda og bar inn mat til å ta mot kundane og til å ta opp bestilling.
Om det blir fleire feriebloggar i år veit eg ikkje enno. Det blir i så fall ein kort mobilblogg frå turen heim i morgon.
Eg vil i alle fall takka alle som har fylgt oss på denne bloggen i år. Det har vore fint med attendemeldingane me har fått frå ymse hold og gjennom ymse kanalar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar