onsdag 17. mars 2010

Den tredje siste dagen

I dag er det ikkje rart av hendingar å skriva om. Difor nokre ord om ølprisar og tyskarar. Ja engelske fotballsupportarar også forresten. For desse er det ein ting som er viktigare enn noko anna her nede på Afrika-holmane som ein tilskrivar benemde dei som i går. Den tingen er ølprisane. Som biletet visar er prisen på 0,4 liter øl kr 8,23 etter gårdagens kurs. Eg gjekk gjennom eit slikt "tysk" område i dag. I overgangen frå meir internasjonalt territorium var prisen 1,50 euro, litt lenger fram, der du ikkje såg frå inngangen vart den 1,30, så 1,20 og så til slutt 1,00 euro overallt. Den "vanlege" prisen er omkring 2,80 til 3,30 medan på dei typisk norske områda er prisen ofte 3,70 og meir.

Ellers kan det nemnast at det er Sanint Patricks day i dag. Irane sin nasjonaldag til minne om landet sin skytshelgen. Dette blir feira med Guiness øl og musikk og ikkje minst fargane grønt og oransje som er Irlands nasjonalfargar. Då eg gjekk forbi "festivalområdet" her i byen, i firetida, var festen allt i gang. Bandet var komme på scena og folk var komne både i synge og dansehumør.

I dag har Alice lege ved bassenget heile dagen medan eg har gått ein runde eller to i byen.
Det var allt for i dag. Så får me sjå om det er meir å skriva om våre bevegelsar i morgon.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar