søndag 3. april 2011

Båttur til Mogan

I dag har me teke båtturen frå Arguineguin til Mogan. Her ser de havna i Arguineguin forsvinn bak oss. Også i dag med strålande vær. Morgonen heime i bustaden var så passeleg, noko overskya, men fin temperatur, men me var ikkje meir enn kommen i taxien før det lysna opp.
Her ser de innlaupet til havna i Puerto Rico. Det er i det lustringane her nede kallar "nye Puerto Rico" at båten legg til no. Som de ser er dei stupbratte fjellhellingane godt utnytta. Her nede kler dei både fjell og flate med bustadhus og hotell.
Men som de ser her, det finns idyllar frå fjord til fjell att. Dette biletet er teke frå havna I Puerto Rico.
Eit blikk inn i hovuddalen, det eigentlege Puerto Rico må me også koste på oss. Biletet er teke i det me passerar innlaupet på vår veg mot Mogan. Dette er mange lustringar sin favorittferiestad. Det er ikkje mange dagar i sesongen at det ikkje er ein familie eller fem frå Luster innlosjert her.
Eit blikk inn på Amadoresstranda må også til. Det er ikkje rart at mange tek spaserturen ut til denne stranda for soling og bading. Dette er også kjende trakter for sydenfararar frå Luster
Så ser me endepunktet for turen vår, Mogan, eller Puerto de Mogan som det vel heiter. Det er ein dal opp frå denne havnestaden. Oppover der eit stykke ligg landsbyen Mogan.
Alle stadar her må sjølvsagt ha si eiga badestrand, og dette er altså stranda i Mogan
Mogan er nok den staden med høgast status her nede. Det er den til no vestligaste turistdestinasjonen på øya. Det er også den finaste på den måten at det er tenkt arkitektur og heilheit under utbygginga. Dette i tillegg til at det ligg ein fiskelandsby her som turistbyen er vorte ein del av. Det er også finare tilstellt her med blomsterprakt i mest alle gater. Her ser de Alice i ei av dei mange "smuga" mellom husa nede på havna. Under ser de eit anna eksempel på kor mykje arbeide det er lagt ned for å gjera det fint og triveleg her.

Då var omvisninga slutt. Her har eg fanga inn lunchen min. Spansk omelett med salat og eit glas øl til.
På biletet under ser de reiseføljet minus fotografen sit og ventar på båtavgang attende til Arguineguin

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar