mandag 23. juli 2012

Sommarreisa 2012 Den aller fyrste dagen.

Sikkert eit motiv kjendt for mange, biletet i dag. Komme på hotellet, få tildelt rom, kaste seg på senga med utsikt til eit fjernsyn og ein reproduksjon på veggen.

Me er altså no framkommen til vårt fyrste mål, Thon Hotell like ved Flesland. Bilturen Luster - Bergen med middag på Voss finn eg ingenting å skrive om. Eg vil heller skrive litt om bakgrunnen for årets ferietur.

Eg har røtene mine på morssida på Villanger på Radøy rett nord for Bergen. Der var me ein heil hop syskjenborn som møttest titt og ofte opp gjennom oppveksten då foreldra våre besøkte syskjena sine. Mange av oss var ordentleg gode venner sjølv om me ikkje møtte kvarandre meir enn ein gong eller to om året.
Smått om senn blei me så vaksne at det ikkje lenger var naturleg å fylje foreldra på desse familiebesøka.  Me syskjenborna vart etter kvart meir eller mindre framande for kvarandre.

Så var det nokre selskapssjuke damer som ville gjere noko med dette. Dei starta motiveringa og planlegginga av fyrste treffet som vart avhalde tidleg i august 1991. Moen Camping i Hemsedal vart vald til treffstad då den låg liksom midt mellom dei som bur i Oslo-området, Bergen og Indre Sogn. Etter det har me avhalde syskjenbarntreff kvart tredje år rundt omkring i landet. 

For tre år sidan passa det også å delta for vårt syskjenbarn som er busett i Canada. Me hadde då i fleire år snakka noko laust og uforpliktande om at treffet måtte også ein gong leggast til Canada. 
Fyrste helga i august 2009, det var ein laurdagskveld, på Losby Gods med Sissel og Harry busett i Canada til stades vart det avgjort at syskjenbarntreffet 2012 skulle leggast til Vancouver Island.

Dit er me på veg no. Flyet går frå Flesland i morgon i 13 tida og då er 13 syskjenbarn Villanger og  ektefeller med. 2 er dregne på førehand og 6 kjem noko seinare så når treffet ofisiellt går av stabelen fyrst i august er me 23 samla. Men før det skal me på ei halvanna vekes reise rundt i British Coloumbia. På den turen reiser me 17 i lag.

Eg er sikker på at turen blir eit minne for livet for oss. Kva denne reisebloggen vil innehalda vil tida vise.









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar