torsdag 26. juli 2012

Dag 3 i Vancouver.


Frokost på på fortauskafe kl 8 om morgonen, ikledd kortbukse og t-sjorte er ikkje å forakte.


Me er ikkje komme over "jetlegen" enno så det blir lange morgonar. Kl 6 i dag føltest å vera ei naturleg tid å stå opp på ein feriedag. Men når været er strålande og utsynet frå balkongen er like strålande er det fint å sitta ute og sjå byen vakne til liv.
Her bur me. Pila viser kor Alice står på balkongen vår og nyt morgonsola.


Sidan dette blir skrive om morgonen er det gårdagen som er noko å skrive om enno. Me leigde vår eigen vesle buss som guida oss rundt i byen. Turen var både lærerik og spennande derfor vil eg skriva litt om Vancouver.

Det er gjort mykje for å gjere Vancouver til ein grøn by. Ikkje minst bostaveleg talt grøn. Sjølv om dette er ein millionby er det god plass alle stadar. Det er bygt i høgden med god plass mellom alle hus der det er rikeleg med grøntareal. Dette gjer også at det er luftig i heile byen. Svært få stadar finn vi det som ofte er vanleg i storbyar, tronge gater med trykkande varme og dårleg luftkvalitet.


Grunnlaget for dette er sjølvsagt ikkje minst at dette er ein ny by der utbygginga er planlagt for vår tid. For ca 125 år sidan budde det ca  eittusen menneskjer her. No bur det meir enn 2 millionar menneskjer i eit område som har vokse saman til ein samanhengande busetnad. 
Dette ser ein også i gatemønsteret. Eit rutemønster av snorrette gater med rikeleg breidde, der det også er bestemt kva gater som skal vera hovudgater og derfor har fått to eller tre køyrefelt i kvar retning. 
Svært få bilar er parkert i gatene og heller ikke store opne parkeringsanlegg er å sjå. Mest alle bygningane har parkering i heile kjellaretasjen og der er det nok parkeringsareal til alle ser det ut for.


Det verkar som at kollektivtrafikken også er godt utbygd. Også den er "grøn". Utanfor der me bur passerar det trolleybussar med få minuttars mellomrom og det er mykje og billege drosjar her. Også dei er grøne. Skal eg tippe på eit tal vil eg tru at over halvdelen av drosjane er av merket Toyota Prius. Altså såkalla hybridbil som kan gå på både bensin og straum.


Det er etter kva eg forstår eit krav om ein viss mengde grøne vekstar rundt alle hus. Dette er løyst på ymse måtar, sjølvsagt ofte ved å ha vanlege grøntareal rundt huset, eller terrassar, balkongar og tak som er beplanta.
I blandt kan iveren etter bladverk og co2 opptak gå utovet utsikten også, som biletet nedanfor er eit eksempel på.



Dette biletet er også teke frå balkongen vår og i bakgrunnen ser de deler av Stanley Park som må reknast som Vancouvers bypark. Den er på ca 4000 mål og som de ser ligg den på eit vis midt i byen.

Reiseliv er ein av dei største næringsvegane her og cruisetrafikk er svært viktig. Her er ei cruisehavn av dimensjonar som får det meste i Lustrafjorden til å bleikne. Det kjem over 1 million cruisepassasjerar hit kvart år.

Ei annan stor næring er faktisk spelefilmproduksjon. Mange av dei kjende "Hollywood-filmane" er innspela her. 

Det får vere nok for i dag. No dreg me på handel.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar