søndag 29. juli 2012

Roleg dag i Harrison Hot Springs.


I dag ligg me i ro her i bade og velverebygda Harrison Hot Spring. Biletet over er teke frå vindauget på hotellrommet vårt og om du ser ekstra nøye etter kan du finne Alice  der ein stad.

Her er eit bilete frå hovudgata. Det tilreisande, både på dagsturar frå nærområdet og overnattingsgjester som er kundegrunnlaget for næringslivet her. Heile området er fyllt opp med overnattingsplassar, butikkar og serveringstadar i tilleggg til dei fine strendene og grasplenane ned mot strandkanten. 

Det er sikker dei varme kjeldene som er mykje av grunnlaget for at nett denne staden er vorten slik ein stor utfartstad, men det er svært fin natur her også. Staden ligg i enden av ein innsjø omtrent på størrelse med Mjøsa. Her er eit bilete teke frå stranda og utover sjøen.



Dagen i dag har nokon nytta til utflukt til eit svært hageanlegg eit par mil herfrå medan dei fleste har klart seg med bading, soling og rusling etter gatene. 


I morgon bryt me opp kl 09.00 og morgondagen skal enda på Douglas Ranch. 
Ranchen er den største i Canada med ordiner drift og den består i følje heimesida deira av  "more than half a million acres" som visst nok skal gangast med fire for å få antal mål. Altså meir enn 2 millionar mål. Dei har 300 hestar på garden og ca 20 000 storfe. Kva me går til veit me ikkje før i morgon kveld, men bonden er neppe medlem av småbrukarlaget. Får håpe han ikkje set oss til mjølking.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar