tirsdag 31. juli 2012

Gjennom Douglas Ranch til Outback Resort



Så har me sagt takk for oss til Douglas Ranch. Eit bilete frå peisestova blir det siste frå oss derifrå.


Hytta me budde i ligg inne på ranchens område så me såg vei litt av den i går, men i dag har me vitja hovudkvarteret og køyrt eit par timar gjennom eigedommen. Biletet under er eit forsøk på å visa dei enorme viddene, men det er eigentleg umogeleg. Ranchen er mest like stor som Luster Kommune frå grensa til Stryn til grensa til Årdal, frå grensa til Sogndal til grensa med Lom. 2300 km2 mot Luster 2700 km2
 Dette er ein gard med 300 hestar og 20 000 storfe. Det er cowboyar som passar etter beista og det er dei som disponerar dei fleste hestane.
Det må også nemnast at eigaren av denne ranchen er ein av USA sine rikaste. Han er også majoritetseigar i Arsenal. Den dagelege leiaren har helikopter ståande bak kontoret  som han nyttar når han har erende rundt om i området.
 Men dei driv med mykje anna enn kvegdrift. Reklamen på ein av bilane viser det. 

No er me komne fram til eit svært turistanlegg av den aller finast sorten. Her får de to bileter. eit frå uteplassen vår og eit av hytta på avstand. Her skal me bu eit par dagar så får me komme attende til kva denne staden vil tilby oss av opplevingar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar