mandag 30. juli 2012

Turen til Douglas Ranch



Her sit deler av reiseføljet utanfor lodgen vår. Me er altså kommen fram til ranchen der me skal halde til neste døgeret. I dag har me fyrst følgd Fracer Canyon fram til eit trongt hjel heitande Hells Gate. Dette gjelet har vore ein flaskehals sidan utbygginga av området kom i gang for meir enn 100 år sidan. Mest all trafikk gjekk på elva Fracer opp hit, men her kom ingen båtar forbi. 
Då jernbana vart bygd langs elva ovanfor stryket vart det bora fester inn i slette fjellet på begge sider av elva. Deretter vart det hyra inn 150 kinesarar til å dra ein elvebåt forbi. Denne vart deretter nytta til transport under jernbanebygginga til store besparelsar for jernbaneselskapet.


Dette strypet er no også ein stor turistattraksjon og det går taubane frå den sida vegen går og ned på ei fjellhylle på andre sida av elva.
Dit var me i dag og her ser de nokon bileter frå den opplevinga.

Her ser den ned på fjellhylla frå øvre stasjon.

Her er me nedkomne og ser oppatt der neste pulje er på veg ned.

No er det laksetrapper som er det viktige i gjelet. Her er det laga tunellar der laksen går i med inntak passande for fleire vassføringar.

Her får de kanskje eit inntrykk av vassføringa forbi strypet. Her er elva 50 meter djup med dagens vassføring.


Etter vitjinga i Hells Gate gjekk turen vidare oppetter dalen. Her vart det meir og meir ørkenprega. Ikkje fordi det var spesiellt høgt over havet men på grunn av turke.
Her er eit bilete teke gjennom bilvindauga som kanskje viser dette.



Til sist eit bilete til alle bubil-elskarar. Det kan vere greitt å ha med ein bil ekstra, til kortare dagsturar. Her er løysinga om du vil ha ein Jeep på slep.


I  morgon skal me på omvisning rundt om på ranchen. Me skal køyre ein to timas tur ut til utkanten av eigedommen. Deretter fortset me vidare til neste stopp, som er Outback Vernon 


NB. Det eg gav opp om storleiken på dene ranchen i siste blogg var noko beskjedent. Ranchen me er på i kveld er på 3 millionar mål, ikkje 2.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar