Fyrste døgnet av ferien er over. Me starta langt på natt tysdag frå Luster og ankom Flesland onsdag morgon i god tid før innsjekking. Innsjekkinga til Norwegian er foresten ny for oss. No gjer me alle det sjølve og leverar bagasje på ei veklt der det står ein person og sjekkar at allt er i orden og at me held oss under maks bagasjevekt.
Det er vel noko i tida dette at allt er sjølvbtjening, men dette likte eg godt. Ikkje noko er vel verre med ei flyreise enn den endelause køen framfor bagasjeinnleveringa. No var denne køen vekke.
Flyturen gjekk fint. Vi var i allt 8 lustringar på flyet så ilag med alle som er her frå før og dei som kjem til helga blir det ikkje stusseleg for dei som vil oppsøke kjendtsfolk.
KA var uheldig og fekk ikkje bagasjen sin. Den stod att i Bergen og han er lovd å få kofferten sin i morgon ettermiddag.
Etter ein dag med berre reising og eting er det no tid for god natt. Nokon av oss har ikkje hatt blund på auga på eit og eit halvt døger.
God natt.
onsdag 7. mars 2012
søndag 24. juli 2011
Kva no?
Før eller seinare må me spørja oss spørsmålet: "kva no" etter katastrofen landet vårt er i ferd med å gjennomleve. Eit av spørsmåla er om det kan komma noko godt utav dette.
Om det kanskje ikkje lenger blir like stovereint å ha samme meiningar som attentatmannen frå fredag.
Om det kan vere fleire person i vårt land som kan finne på å utføre slike utenkjelege handlingar.
Fram til i dag har eg vore optimistisk. Eg har grubla på om kanskje arven etter alle desse omkomne kan bli ein meir gjennomtenkt debatt i ymse media, der det ikkje lenger er like lett å slenge ut menneskjefiendtlege utsagn om folk og folkegrupper.
I dag fekk Knut Røneid meg ned på jorda att. Etter tips frå hans nettaktivitet kom eg til dette innlegget frå ein "god kristen" mann i 70 åra:
Olav Grindalen med tilknyting til Visjon Norge
Dett har han skrive som sin analyse:
Statsministeren sa i går til den norske folk at det som har hendt var noe angikk hele Norge.
Det er feil.
Det som har skjedd har rammet arbeiderpartiet og den rødgrønne regjering og deres støttespillere.
Gud har holdt sin vernende hånd over Norge. Men denne regjering har ikke brydd seg om å styre etter hans lover.
Regjeringen har pålagt det norske folk den ene ugudelige lov etter den andre.
Den har forsøkt å kneble Guds folk på alle måter.
“ Fredrelandssangen sier. Vil Gud ikkje verna by og land kan vaktmannen oss ikkje tryggja”
Det har denne regjering til fulle fått oppleve. Den sier vi må ha mere åpenhet. Men regjeringens politikk har vært mere tvang og sosialisme.
Gud kan ikke og vil ikke velsigne en regjering som går i mot hans lover. Da trekker han seg tilbake og slepper ondskapen løs slik som vi har nå erfart.
Når arbeiderpartiet lærer opp ungdommen til å hate Israel som er Guds øyen da må Gud
Gripe in.
Dette rokker ved manges bilde av Gud. Gud er kjærlighet Gud er Hellig og Gud er rettferdig
Gud er en rettferdig Gud. Har har hørt sitt folk rop om hjelp nå griper han inn mot land som støtter terorisme.
Ein dag kan eit slikt religiøst monster bestemma seg for å hjelpa sin gud.

mandag 6. juni 2011
Flisfyringa det ikkje blei noko av.
Ser i avisa i dag at to av initiativtakarane bak flisfyringsanlegg i Gaupne prøver å analysere seg fram til kvifor det vart nei til prosjektet deira i Luster Kommunestyre. Det at høgrerepresentantane har vore skeptisk til dette prosjektet frå fyrste dag og aldrig har vist unik interesse for å prøve ut nettopp denne måten å skaffa miljøvenleg energi på har dei rett i. Men når det no skulle avgjerast var det enkelt for dei fleste å gå mot dette. Ansvaret for det må nok etablerarane sjølve ta. Det er lokalbefolkninga i Gaupne sentrum som skal leve med dette anlegget og med dei meldingane om utslepp av røyk og lukt frå anlegget deira i Jostedalen var dette ei tapt sak. Det var mest eine og aleine erfaringane frå dette anlegget som medførde den massive motstanden i lokalmiljøet i Gaupne. Personleg er eg prinsippiellt tilhengar av slike anlegg. Ein ser mange slike anlegg fyrde med trevirke av god nok kvalitet som gjerne kunne stå midt i bygdesentrum. Ein treng ikkje dra utanom kommunen for å finna det. Fjordglas har hatt all oppvarming frå eit slikt anlegg i 35 år utan problem. Men når ein gjennom visningsanlegget som er oppsett i Jostedalen, marknadsfører prosjektet slik at heile Gaupne går samla mot, blir det ei lett sak for politikarane å skrinlegge dette prosjektet.
Ein må sei dei var modige dei 12 representantane som torde å røyste for dette anlegget på trass av kva initiativtakarane har vist fram for lokalsamfunnet som skal leve med det.

tirsdag 12. april 2011
Kva skal det bli til med utleigehyttene ved Solstrand
Omregulering av området til utleigehyttene ved Solstrand i Luster skal handsamast i kommunestyret torsdag 14 april. Fuhr Bygg ber om å få omregulere området til privat hyttebygging slik at dei kan selje dei enkeltvis som privathytter. Dette har dei så langt fått nei til.
Dette er eg grunnleggande uenig i, noko eg håpar eit fleirtal av dei folkevalde også blir på torsdag.
Visst har Solstrand-området i mange tiår vore nytta til reiselivsaktivitetar gjennom Solstrand Pensjonat. Området var godt egna til formålet og kunne gjerne vore slik. Eit "overnattingsprodukt" som disponerte heile tomten inklusiv dei eksisterande hyttene, pensjonattomten og heile området rundt Kjempeneset hadde ein suveren tomt som utgangspunkt. Men slik er det ikkje. Det er forlengst bestemt at mest heile området skal byggast ut med private bustadar og private hytter. Slik er det også utbygt. Det ligg berre att ei lita rute nedi stranda til utleige. Der står det inneklemt eit hus med 6 utleigeeiningar. Her er ingen mogelegheit for utviding og slik marknaden har reagert på salgsannonsar er det forståeleg nok ingen som ser på dette som eit eigna utleigeprosjekt.
Kva er så argumenta for å ha det som i dag.
Ein må verne om reiselivsnæringa og anna lokal omsetning som kjem som føljer av det.
Med den utleigeaktiviteten det så langt har vore mogleg å få til vil det generere adskillig meir lokal omsetnad dersom det er sjølveigarar som eig hyttene. Det som til no har vist seg er at dei eksisterande hyttene i området er svært mykje nytta. Høgst sannsynleg vil det bli mange fleire overnattingsdøger som privathytte enn utleigehytte.
Ein må verne om allemannsretten. Sikre bygdafolk sin tilgjenge til fjorden.
Eg har vore ivrig nyttar av sjø og strand gjennom heile livet. Stort sett heile stranda i Luster har vorte innebygd av bustadhus eller reiselivverksemder. Det som har vore praksis er at eigarane av desse husa ikkje har rekna stranda som "sin private eigedom". Eg har i alle fall aldrig vorte avvist nokon stad i stranda under privathus og det har vore tradisjon å rekne stranda som ein del av allemannsretten. Unntaket er der det er reiselivsverksemder. På dei strendene (Dalsøren Camping og Solstrand Pensjonat) har me rekna at turistane har fyrsteretten og til dels eineretten.
Det kan skapa presedens. Det blir fritt fram for alle med utleigehytter å krevja å få selja.
Denne saka er heilt spesiell. Gjennom tidlegare reguleringsplanar er området allerede avsett til andre formål, dvs bustadbygging og privat hyttebygging. Det er ikkje mogeleg å utvide utleigeverksemda og det er ikkje interresse blandt andre reiselivsbedrifter i kommunen å kjøpe desse hyttene som tilskot til eksisterande utleigeaktivitet. Jfr. manglande respons på salsframstøyt.
Det er då, etter mitt vet, berre eit argument att og det er at det er bestemt å vera slik og ein vil ikkje snu. Dersom ein snur får Fuhr Bygg det slik dei vil og kanskje har villa heile tida. Dei folkevalde kan derfor føla seg noko lurde, eller føla at dei har vore med på eit spel der dei tapar desom dei no seier ja. Men, den store taparen er bygda der dette fine anlegget skal stå tomt og forfalla dersom alternativet er kjøparar som vil nytte desse hyttene og denne bygda til sin faste rekreasjonsstad.
Eg håpar at kommunestyret torsdag gjer om vedtaket i plan og forvaltningstyret og let Fuhr Bygg få omregulere hyttetomten slik at dei kan få selje hyttene enkeltvis.
Hyttebygginga rundt Kjempeneset har vore ein suksesshistorie frå fyrste stund. Det blir sagt mykje om verdiskapinge rundt hyttebygging og hyttefelt rundt om i kommunen. Her er det gjennomført med hell. Alle tomtane er teke i bruk av godt nøgde hytteeigarar. Ja det er til og med ein familie som har teke steget heilt ut og flytta permanent til hytta si.

onsdag 6. april 2011
Heimreise.
Tida er inne for pakking og heimreise. Eg vil med dette takka alle lesarar av denne reisebloggen. Det har vore over all forventing oppslutning om han i år. Dei er i skrivande stund lest eittusentohundreogførtiåtte - 1248 ganger. Det vil sei at kvar melding heim er lest i gjennomsnitt ca 90 ganger.
Den bloggen som er lest flest ganger er "Trist laurdag". Den er det 171 personar som har lese.
Takk for i år. No dreg me.
Abonner på:
Innlegg (Atom)