onsdag 7. mars 2012

Vårferien 12. er i gang

Fyrste døgnet av ferien er over. Me starta langt på natt tysdag frå Luster og ankom Flesland onsdag morgon i god tid før innsjekking. Innsjekkinga til Norwegian er foresten ny for oss. No gjer me alle det sjølve og leverar bagasje på ei veklt der det står ein person og sjekkar at allt er i orden og at me held oss under maks bagasjevekt.
Det er vel noko i tida dette at allt er sjølvbtjening, men dette likte eg godt. Ikkje noko er vel verre med ei flyreise enn den endelause køen framfor bagasjeinnleveringa. No var denne køen vekke.
Flyturen gjekk fint. Vi var i allt 8 lustringar på flyet så ilag med alle som er her frå før og dei som kjem til helga blir det ikkje stusseleg for dei som vil oppsøke kjendtsfolk.
KA var uheldig og fekk ikkje bagasjen sin. Den stod att i Bergen og han er lovd å få kofferten sin i morgon ettermiddag.
Etter ein dag med berre reising og eting er det no tid for god natt. Nokon av oss har ikkje hatt blund på auga på eit og eit halvt døger.
God natt.

1 kommentar:

  1. Fint å høra att de er vel framkommen og har det bra....er no pluss grader her og ...so vidt ;) er det greit att eg legg ut link til bloggen på fjesboki mange nysjerrige runt om ;)hels alle kjende

    SvarSlett