søndag 18. mars 2012

Service

Eit bilete frå inn/utgangen til vår lokale kjøpmann kan vera ei grei tilnerming til dagens tema. Eg vil skriva litt om service generellt og spesiellt. 
Generellt må ein konkludere med at servicen her på desse spanske øyane er overveldande god. Det er særleg på restaurantar og andre serveringstadar eg har erfaring frå. Der er min erfaring at betjeninga ikkje veit kva godt dei kan gjere for oss. Me er ikkje før komne innanfor deira revir, ein må kalle det slik sidan det knapt finns dørar eller vegger her, så er dei der og føresler ledig bord for oss. Alle bord blir rydda og sett i perfekt orden så snart gjester reiser seg for å gå. Me får ikkje meir enn sett oss ned før dei er der med meny. Når matrett er valgt går det aldrig lenge før maten står på bordet. Dette kan sjølvsagt også ha noko med bemanning å gjere. Det er nok adskillig betre bemanning på utestadane her enn heime
Men så kjem unntaket. Eg veit ikkje om det er bransjen som er unntaket eller om det er berre vår lokale butikk som er slik, men hos oss er servicen komisk til tider. Også her er det rikeleg bemanning. Men spør ikkje om hjelp om noko som helst. Dei har eit skåp der dyrare drikkevarer og tobakk blir oppbevart. Dersom me skal ha noko derfrå må me gå til kassen og då blir det fyrst ein del høgtgauling på spansk og eit kroppsspråk det ikkje er til å ta feil av. Det er som sagt mange på jobb, men det er alltid den som sit i kassen som til slutt reiser seg for å låse opp skapet, same kor lang køen er i kassen. Og den bestillte varen får me ikkje då heller. Då skal kassadama bera vara til kassa og vi skal trokle oss forbi heile køen for å betale.
Vasking av gulv føregår etter kattevaskmetoden heile dagen. Litt her og litt der. Dersom me er så uheldig å trakke ut på det nyvaska, sjølv om det er i naudsynt ærende, får me kjeft som det held. Då ropar dei og gestikulerar dei så me er ikkje vatn verd.
Ofte er det kø i kassen, lang kø, men å ta begge kassane i bruk det set langt inne. Det er ikkje uvanleg at med ein slik lang kø i eine kassen samlast fire fem av betjeninga seg rundt andre kassen for høglytte samtalar om allt anna enn jobb utan den minste interresse av å opne opp for betjening av kundar.
Eit eksempel til slutt. Ein av oss var ute og handla her om dagen. Det var mange kundar, men til ein forandring var begge kassane betjente. Då vår handlar var mest framkommen til kassen, det var visst berre ein att framføre ho, då reiste kassadama seg, stengde kassen og gjekk utanfor og starta å rydde i avisstativa. Det var eit å gjere, å stille seg bakerst i den andre køen. Eg kunne fortsette eksempela i det uendelege. 

Me har ikkje mykje erfaring med regelmessige innkjøp frå andre butikkar her, så om dette er det eine unntaket som bekreftar regelen om generell god service eller om daglegvarebutikkar har komisk dårleg service veit me ikkje.
Uansett er det må det vel kunne definerast som eit paradoks, denne komiske mangelen på service som til tider kan kallast mangel på folkeskikk, midt i dette handelsamfunnet gjennomsyra av til tider litt for mykje av det gode velviligheit.

Til dykk heime som les denne bliggen for å få kunnskap om korleis me har det her nede kan eg berre sei: Jo me har det fint. Veret er strålande. Det er 32 grader i skuggen. Me er alle brune der me har sola oss. Me har to heile dagar att her nede så heimlengsla pirrar litt i bakgrunnen.
I morgon får me besøk frå¨Amadores.

lørdag 17. mars 2012

Nye solbriller



I dag har det vore overskya her hos oss. Dagen så langt har derfor vore nytta til småhandel. Som overskrifta seier og biletet viser er nye solbriller eit av innkjøpa. Også eit par nye vesker hang over skuldrane då dei kom att frå handlerunden. 


Sjølv om sola ikkje har vore mykje framme har vi hatt det rikelg varmt nok. Gradestokken utanfor kjøpesenteret Kasbah viste 27 på turen heim, medan den gode gamle kvikksølvsøyla heime i hagen viser 29.

I kveld blir Saint Patrick's Day feira her. Det er ein slags irsk "nasjonaldag" der irane kler seg i grønt og fargar seg grøne. Me høyrer allt sangen og dansen i det fjerne.
I går kveld var me ein tur til Amadores og Puerto Rico for å helse på kjende. Dette var som vanleg svært vellukka. Meir er det ikkje å sei om det enn takk for sist til dei av deltakarane som les dette.

No går snart turen ut for middag og meir festelegheiter.










fredag 16. mars 2012

Vindfull fredag på Playa

Som biletet viser er det vindfullt  på Playa del Ingles i dag. I det heile har det vel vore meir vind i år enn det me er vande med. Men det har vore god temperatur og mykje sol så som oftast har den trekken som finn vegen inn mellom husveggene vore god og svalande.
På stranda har det ikkje vore så fint å vera, men dit dreg vi ikkje for soling uansett. Det er ikkje berre vinden som er ei plage der, meinar soltilbedarene våre, men all sanden også og den er der jo uansett.

I kveld er det nærradio med Kjell og Kristen i studio. Der har eg fått det ærefulle oppdraget å halde kveldens kåseri.
Denne lappen har ein sentral plass i reisebrevet som blir å høyre på Radio Luster i kveld, truleg litt over 23.Eg sende det i alle fall pr epost til Gaupne i går kveld. 
Slå på radioen i kveld kl 22.00 og still inn på 104,4 eller det som er din kanal dersom du ikkje ser til Molden eller deromkring.

torsdag 15. mars 2012

Trimming

Før om åra har me trimma ( d.v.s. gått gatelangs) bra mykje på desse årlege turane våre. Kanskje det har med alderen å gjera, me er alle 9 år eldre enn på den fyrste turen ned hit, me har aldrig gått så lite som i år. Det vil seia fyrste veka, for i går tok eg tak i problemet. Eg sette avgarde aleine på langtur før klokka 8 om morgone. Turen gjekk ned til ytterste spissen av bebyggelsen her, deretter ned i sanden og gjennom sanddyner, kratt og steinrøyser vestover mot Maspalomas. Eg hadde fyret å navigere etter til å byrja med men etter kvart kom eg inn på ein slags sti som enda opp ved kamel-safarien (for dei lokalkjende). Deretter gjekk turen heim gatelangs. Turen varde 2 timar og 15 minuttar.

I dag ville eg ikkje vera dårlegare, og i dag hadde eg fotoapparat med:















Her ser de eit bilete teke på veg til målet i dag. Turen gjekk til fjells. Når ein tek seg bryet og forserar diverse motorvegar, det finns undergangar, så er det mange forskjellige turvegar å velje mellom. Denne vegen gjekk inn i ein trong dal. Vegen var ikkje av dei beste, men ikkje verre enn ein er vand med heimanfrå. Ein kombinasjon av fin gangveg som de ser her og noko ein mest må kalla ur der ein balanserar frå stein til stein.

Her er ein merksnodigheit me har sett ein heil del av her nede.










Slike "kennelar" ute i utmarka, langt frå folk. Som regel laga av pallar og gamalt bøljeblekk. Her var det ikkje mange hundar å høyre, men andre stadar høyrer me eit hundeleven utan sidestykke frå desse "bygningane".


Attende til dette med den manglande trimminga. I dag fekk eg ein overdose på det neraste. Ikkje lenge etter heimkomst frå fjellturen, som tok mest 2 timar, vart det bestemt at eg, KA og Alice skulle ta turen til San Augustin i dag. Ein tur som tek bort i mot ein og ein halv time kvar veg. Oddrun slit med dårlege hofter så ein så lang tur er uaktuellt for ho. Ho vart difor heime og passa husa.

Morgondagen får visa om eg kjem or senga og i så fall om eg har att helse til trimtur i solrenninga i morgon også.

Takk for i dag.

.


tirsdag 13. mars 2012

Tysdag.

Det er rart å tenkje på at no når eg skriv dette, er det berre timar at til det er ei veke sidan me drog frå Luster. Tida går fort og me har mest ikkje gjennomført noko av det vesle me hadde tanke om då me drog.
No er det ikkje på noko måte viktig for oss å gjennomføre så mykje heller. Det å vere langt heimanfrå og oppleva late dagar i sommarver av beste slag er godt nok for meg.

I dag har me vore nede ved stranda alle saman. Om me hadde noko ærende måtte det vere å kjøpe noko med heim til barnebarn. Det er gjort, i alle fall i fyrste omgang. Det blir heilt sikker meir.
Som biletet viser er det vindigt på Playa i dag. Lunchen vart innteken på stamplassen vår som ligg omlag midt i biletet. Der måtte me søke ly for vinden for å halde heten.
I går kveld var me på byen. Ein norsk bar med navnet Naboen vart endestasjonen vår. Der møttte me 3 damer frå Årdal. Dei er stort sett like tid og stadbundne som oss, så me møter stort sett på dei kvar gong me er her.
Det vart litt seint før me tok på heimveg så i kveld trur eg me kjem til å halde oss i ro.
Kanskje det blir chinamat-buffe  på meg og Alice.