søndag 18. mars 2012

Service

Eit bilete frå inn/utgangen til vår lokale kjøpmann kan vera ei grei tilnerming til dagens tema. Eg vil skriva litt om service generellt og spesiellt. 
Generellt må ein konkludere med at servicen her på desse spanske øyane er overveldande god. Det er særleg på restaurantar og andre serveringstadar eg har erfaring frå. Der er min erfaring at betjeninga ikkje veit kva godt dei kan gjere for oss. Me er ikkje før komne innanfor deira revir, ein må kalle det slik sidan det knapt finns dørar eller vegger her, så er dei der og føresler ledig bord for oss. Alle bord blir rydda og sett i perfekt orden så snart gjester reiser seg for å gå. Me får ikkje meir enn sett oss ned før dei er der med meny. Når matrett er valgt går det aldrig lenge før maten står på bordet. Dette kan sjølvsagt også ha noko med bemanning å gjere. Det er nok adskillig betre bemanning på utestadane her enn heime
Men så kjem unntaket. Eg veit ikkje om det er bransjen som er unntaket eller om det er berre vår lokale butikk som er slik, men hos oss er servicen komisk til tider. Også her er det rikeleg bemanning. Men spør ikkje om hjelp om noko som helst. Dei har eit skåp der dyrare drikkevarer og tobakk blir oppbevart. Dersom me skal ha noko derfrå må me gå til kassen og då blir det fyrst ein del høgtgauling på spansk og eit kroppsspråk det ikkje er til å ta feil av. Det er som sagt mange på jobb, men det er alltid den som sit i kassen som til slutt reiser seg for å låse opp skapet, same kor lang køen er i kassen. Og den bestillte varen får me ikkje då heller. Då skal kassadama bera vara til kassa og vi skal trokle oss forbi heile køen for å betale.
Vasking av gulv føregår etter kattevaskmetoden heile dagen. Litt her og litt der. Dersom me er så uheldig å trakke ut på det nyvaska, sjølv om det er i naudsynt ærende, får me kjeft som det held. Då ropar dei og gestikulerar dei så me er ikkje vatn verd.
Ofte er det kø i kassen, lang kø, men å ta begge kassane i bruk det set langt inne. Det er ikkje uvanleg at med ein slik lang kø i eine kassen samlast fire fem av betjeninga seg rundt andre kassen for høglytte samtalar om allt anna enn jobb utan den minste interresse av å opne opp for betjening av kundar.
Eit eksempel til slutt. Ein av oss var ute og handla her om dagen. Det var mange kundar, men til ein forandring var begge kassane betjente. Då vår handlar var mest framkommen til kassen, det var visst berre ein att framføre ho, då reiste kassadama seg, stengde kassen og gjekk utanfor og starta å rydde i avisstativa. Det var eit å gjere, å stille seg bakerst i den andre køen. Eg kunne fortsette eksempela i det uendelege. 

Me har ikkje mykje erfaring med regelmessige innkjøp frå andre butikkar her, så om dette er det eine unntaket som bekreftar regelen om generell god service eller om daglegvarebutikkar har komisk dårleg service veit me ikkje.
Uansett er det må det vel kunne definerast som eit paradoks, denne komiske mangelen på service som til tider kan kallast mangel på folkeskikk, midt i dette handelsamfunnet gjennomsyra av til tider litt for mykje av det gode velviligheit.

Til dykk heime som les denne bliggen for å få kunnskap om korleis me har det her nede kan eg berre sei: Jo me har det fint. Veret er strålande. Det er 32 grader i skuggen. Me er alle brune der me har sola oss. Me har to heile dagar att her nede så heimlengsla pirrar litt i bakgrunnen.
I morgon får me besøk frå¨Amadores.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar