torsdag 15. mars 2012

Trimming

Før om åra har me trimma ( d.v.s. gått gatelangs) bra mykje på desse årlege turane våre. Kanskje det har med alderen å gjera, me er alle 9 år eldre enn på den fyrste turen ned hit, me har aldrig gått så lite som i år. Det vil seia fyrste veka, for i går tok eg tak i problemet. Eg sette avgarde aleine på langtur før klokka 8 om morgone. Turen gjekk ned til ytterste spissen av bebyggelsen her, deretter ned i sanden og gjennom sanddyner, kratt og steinrøyser vestover mot Maspalomas. Eg hadde fyret å navigere etter til å byrja med men etter kvart kom eg inn på ein slags sti som enda opp ved kamel-safarien (for dei lokalkjende). Deretter gjekk turen heim gatelangs. Turen varde 2 timar og 15 minuttar.

I dag ville eg ikkje vera dårlegare, og i dag hadde eg fotoapparat med:















Her ser de eit bilete teke på veg til målet i dag. Turen gjekk til fjells. Når ein tek seg bryet og forserar diverse motorvegar, det finns undergangar, så er det mange forskjellige turvegar å velje mellom. Denne vegen gjekk inn i ein trong dal. Vegen var ikkje av dei beste, men ikkje verre enn ein er vand med heimanfrå. Ein kombinasjon av fin gangveg som de ser her og noko ein mest må kalla ur der ein balanserar frå stein til stein.

Her er ein merksnodigheit me har sett ein heil del av her nede.










Slike "kennelar" ute i utmarka, langt frå folk. Som regel laga av pallar og gamalt bøljeblekk. Her var det ikkje mange hundar å høyre, men andre stadar høyrer me eit hundeleven utan sidestykke frå desse "bygningane".


Attende til dette med den manglande trimminga. I dag fekk eg ein overdose på det neraste. Ikkje lenge etter heimkomst frå fjellturen, som tok mest 2 timar, vart det bestemt at eg, KA og Alice skulle ta turen til San Augustin i dag. Ein tur som tek bort i mot ein og ein halv time kvar veg. Oddrun slit med dårlege hofter så ein så lang tur er uaktuellt for ho. Ho vart difor heime og passa husa.

Morgondagen får visa om eg kjem or senga og i så fall om eg har att helse til trimtur i solrenninga i morgon også.

Takk for i dag.

.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar