tirsdag 13. mars 2012

Tysdag.

Det er rart å tenkje på at no når eg skriv dette, er det berre timar at til det er ei veke sidan me drog frå Luster. Tida går fort og me har mest ikkje gjennomført noko av det vesle me hadde tanke om då me drog.
No er det ikkje på noko måte viktig for oss å gjennomføre så mykje heller. Det å vere langt heimanfrå og oppleva late dagar i sommarver av beste slag er godt nok for meg.

I dag har me vore nede ved stranda alle saman. Om me hadde noko ærende måtte det vere å kjøpe noko med heim til barnebarn. Det er gjort, i alle fall i fyrste omgang. Det blir heilt sikker meir.
Som biletet viser er det vindigt på Playa i dag. Lunchen vart innteken på stamplassen vår som ligg omlag midt i biletet. Der måtte me søke ly for vinden for å halde heten.
I går kveld var me på byen. Ein norsk bar med navnet Naboen vart endestasjonen vår. Der møttte me 3 damer frå Årdal. Dei er stort sett like tid og stadbundne som oss, så me møter stort sett på dei kvar gong me er her.
Det vart litt seint før me tok på heimveg så i kveld trur eg me kjem til å halde oss i ro.
Kanskje det blir chinamat-buffe  på meg og Alice.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar