lørdag 28. juli 2012

Fyrste dag av rundturen.



Så er vår tilmålte tid i Vancouver over og me må sei hada til rom 3707 på Landmark Hotel. Som ein siste helsing (kanskje fyrst og fremst til meg sjølv) innleiar eg denne bloggen med utsynet frå balkongen vår.


I dag har me fått ein slags innføring i British Coloumbia si historie gjennom vitjing på to viktige plassar opp gjennom tidene.
Fort Langley var fyrste stopp. Dette er eit fort maken til dei me kjenner frå teikneseriar frå vår ungdom. Byggningar verna innanfor ei stengsle av ståande tømmerstokkar med ein gangveg høgt opp på innsida slik at soldatane kunne sjå over stengslet og skyta attende i tilfelle angrep.


Fort Langley vart etablert i 1827 og ligg relativt langt nede langs Fracer River som var viktig for varetransport. Herfrå vart det blandt anna eksportert laks i store mengde til "moderlandet" England.
I 1858 vart det kjendt at det var funne gull i elva Fraser og det strøymde straks til 30 000 lykkejegrar med tru på ein snarleg rikdom. Denne staden er rekna som der gullrushet langs Fracer starta.
Det var også innanfor dette fortet at British Colombia vart proklamert som britisk koloni i 1858.
Her ser de det eldste gjenverande huset her, reist i 1840 åra.


Det var sjølvsagt også hantverkarar av ymse slag busette på fortet.
Her ser de den moderne utgåva av smeden.
























Dette biletet er frå der elvebåtane på Fraser la til i Yale, ein annan viktig plass i BC sin utvikling. Her vart det også funne gull og også denne staden vart forvandla frå mest ingenting til ein stad der fleire titusen gullgravarar busette seg nerast over natta.

The Pacific Railway går også forbi Yale og her er det plassert eit minnesmerke over alle kinesarane som omkom under bygginga seint på 1800 talet. Då jernbana skulle byggast vart det henta ei mengd kinesarar frå Kina for å utføra arbeidet. Tre fjerdedeler av alle arbeidarane på linja var kinesarar. Dei vart betalte med det halve av lønna til dei kvite og mange hundre omkom under bygginga. Dei som overlevde denne bygginga er rekna som grunnlaget for dei mange med kinesisk avstamning i BC. Ca 20% av befolkningen i Britich Columbia er kinesarar.

Ein annan ting som må nemnast om Yale er historiane om "Big Foot". Det er funne fotavtrykk av denne skapningen her til liks med andre stadar rundt omkring i Nordamerika.
Her kallar dei han for Sasquati som er eit indiansk navn på han.
Her har eg teke eit bilete av eit av mange avstøypingar av funn frå heile Amerika. Det var ein stor utstillingar av slike funn her i Yale.

No lir det til kveld her, klokka er snart halv tolv og det er leggetid her samstundes som de står opp neste dag der heime.
Til slutt kan de få sjå eit bilete av hovudretten eg inntok i restauranten her på Harrison Hot Spring i kveld. Den heiter:

Dijon Honey Marinated Pork Lion with a Herb Crust.



fredag 27. juli 2012

Biletserie, The green city

Eg har tidlegare skriv om den grøne byen Vancouver. På ein spasertur i dag prøvde eg å finna bevis. 

Her er resultatet. 











 



 











 


torsdag 26. juli 2012

Dag 3 i Vancouver.


Frokost på på fortauskafe kl 8 om morgonen, ikledd kortbukse og t-sjorte er ikkje å forakte.


Me er ikkje komme over "jetlegen" enno så det blir lange morgonar. Kl 6 i dag føltest å vera ei naturleg tid å stå opp på ein feriedag. Men når været er strålande og utsynet frå balkongen er like strålande er det fint å sitta ute og sjå byen vakne til liv.
Her bur me. Pila viser kor Alice står på balkongen vår og nyt morgonsola.


Sidan dette blir skrive om morgonen er det gårdagen som er noko å skrive om enno. Me leigde vår eigen vesle buss som guida oss rundt i byen. Turen var både lærerik og spennande derfor vil eg skriva litt om Vancouver.

Det er gjort mykje for å gjere Vancouver til ein grøn by. Ikkje minst bostaveleg talt grøn. Sjølv om dette er ein millionby er det god plass alle stadar. Det er bygt i høgden med god plass mellom alle hus der det er rikeleg med grøntareal. Dette gjer også at det er luftig i heile byen. Svært få stadar finn vi det som ofte er vanleg i storbyar, tronge gater med trykkande varme og dårleg luftkvalitet.


Grunnlaget for dette er sjølvsagt ikkje minst at dette er ein ny by der utbygginga er planlagt for vår tid. For ca 125 år sidan budde det ca  eittusen menneskjer her. No bur det meir enn 2 millionar menneskjer i eit område som har vokse saman til ein samanhengande busetnad. 
Dette ser ein også i gatemønsteret. Eit rutemønster av snorrette gater med rikeleg breidde, der det også er bestemt kva gater som skal vera hovudgater og derfor har fått to eller tre køyrefelt i kvar retning. 
Svært få bilar er parkert i gatene og heller ikke store opne parkeringsanlegg er å sjå. Mest alle bygningane har parkering i heile kjellaretasjen og der er det nok parkeringsareal til alle ser det ut for.


Det verkar som at kollektivtrafikken også er godt utbygd. Også den er "grøn". Utanfor der me bur passerar det trolleybussar med få minuttars mellomrom og det er mykje og billege drosjar her. Også dei er grøne. Skal eg tippe på eit tal vil eg tru at over halvdelen av drosjane er av merket Toyota Prius. Altså såkalla hybridbil som kan gå på både bensin og straum.


Det er etter kva eg forstår eit krav om ein viss mengde grøne vekstar rundt alle hus. Dette er løyst på ymse måtar, sjølvsagt ofte ved å ha vanlege grøntareal rundt huset, eller terrassar, balkongar og tak som er beplanta.
I blandt kan iveren etter bladverk og co2 opptak gå utovet utsikten også, som biletet nedanfor er eit eksempel på.



Dette biletet er også teke frå balkongen vår og i bakgrunnen ser de deler av Stanley Park som må reknast som Vancouvers bypark. Den er på ca 4000 mål og som de ser ligg den på eit vis midt i byen.

Reiseliv er ein av dei største næringsvegane her og cruisetrafikk er svært viktig. Her er ei cruisehavn av dimensjonar som får det meste i Lustrafjorden til å bleikne. Det kjem over 1 million cruisepassasjerar hit kvart år.

Ei annan stor næring er faktisk spelefilmproduksjon. Mange av dei kjende "Hollywood-filmane" er innspela her. 

Det får vere nok for i dag. No dreg me på handel.




onsdag 25. juli 2012

Dag 2, Vancouver

God morgon i gamlelandet. Eg skriv det slik sjølv om klokka no er 18 heime. Her er klokka 9 om morgonen  og me har nyss vore i 42. etasje og innteke ein betre frukost. Biletet over viser utsynet frå rommet vårt her me bur i 37. etasje. Under ser de utsynet frå balkongen vår





Som de ser, me bur høgt og fritt over ein særs stilig by. Noko morgondis og morgonsol inn på objektivet gjev dykk på ingen måte den same opplevinga som me får frå balkongen vår.


Det er lite å skrive om før feriens aller fyrste dag er i gang. Me har ein lang og kjedeleg tur bak oss. Me starta frå hotellet i Bergen i går kl 10.00. Turen gjekk så frå Flesland via Sola til Island. Der venta me eit par timar før turen gjekk vidare til Seattle. Der vart me henta med bilar og etter ein 4 timars biltur var me i Vancouver. 
Me ankom hotellet, som heiter Empire Landmark Hotell, i går kveld kl. 23.00.  Leggetid vart ca 24 lokal tid, men då var klokka 9 dagen etter heime og me hadde vore på reise i 23 timar.


I dag skal me på busstur rundt i Vancouver for å gjera oss litt kjende.


Eg vil prøva å skrive nokre ord kvar dag frametter. Det vil skje på ettermiddagane reknar eg med og då er det morgon dagen etter i Norge.


Stay tuned.





mandag 23. juli 2012

Sommarreisa 2012 Den aller fyrste dagen.

Sikkert eit motiv kjendt for mange, biletet i dag. Komme på hotellet, få tildelt rom, kaste seg på senga med utsikt til eit fjernsyn og ein reproduksjon på veggen.

Me er altså no framkommen til vårt fyrste mål, Thon Hotell like ved Flesland. Bilturen Luster - Bergen med middag på Voss finn eg ingenting å skrive om. Eg vil heller skrive litt om bakgrunnen for årets ferietur.

Eg har røtene mine på morssida på Villanger på Radøy rett nord for Bergen. Der var me ein heil hop syskjenborn som møttest titt og ofte opp gjennom oppveksten då foreldra våre besøkte syskjena sine. Mange av oss var ordentleg gode venner sjølv om me ikkje møtte kvarandre meir enn ein gong eller to om året.
Smått om senn blei me så vaksne at det ikkje lenger var naturleg å fylje foreldra på desse familiebesøka.  Me syskjenborna vart etter kvart meir eller mindre framande for kvarandre.

Så var det nokre selskapssjuke damer som ville gjere noko med dette. Dei starta motiveringa og planlegginga av fyrste treffet som vart avhalde tidleg i august 1991. Moen Camping i Hemsedal vart vald til treffstad då den låg liksom midt mellom dei som bur i Oslo-området, Bergen og Indre Sogn. Etter det har me avhalde syskjenbarntreff kvart tredje år rundt omkring i landet. 

For tre år sidan passa det også å delta for vårt syskjenbarn som er busett i Canada. Me hadde då i fleire år snakka noko laust og uforpliktande om at treffet måtte også ein gong leggast til Canada. 
Fyrste helga i august 2009, det var ein laurdagskveld, på Losby Gods med Sissel og Harry busett i Canada til stades vart det avgjort at syskjenbarntreffet 2012 skulle leggast til Vancouver Island.

Dit er me på veg no. Flyet går frå Flesland i morgon i 13 tida og då er 13 syskjenbarn Villanger og  ektefeller med. 2 er dregne på førehand og 6 kjem noko seinare så når treffet ofisiellt går av stabelen fyrst i august er me 23 samla. Men før det skal me på ei halvanna vekes reise rundt i British Coloumbia. På den turen reiser me 17 i lag.

Eg er sikker på at turen blir eit minne for livet for oss. Kva denne reisebloggen vil innehalda vil tida vise.