tirsdag 18. mars 2014

Rapport Nr. 3 frå Gran Canaria


 Eit værbilete opnar dagens rapport. Som de ser, været er ei å klaga på. Det er lenge att, me har berre opplevd 3 av 14 dagar enno, men me har enno ikkje sett ei einaste lita sky på himmelen.

 Gårdagens spasertur gjekk i retning San Augustin. Vel oppe på kanten frå strandrestauranten vår er utsikten så fin at det vert teke eit bilete mest kvar gong me fer forbi. Dette er sikkert Gran Canarias mest publiserte fotomotiv.

 På veg utetter strandpromenaden dukkar det til tider opp eksotiske fotomotiv. Vegetasjonen her nede er sjølvsagt svært ulik heime.

 Også her eit motiv som er presentert fleire gonger her opp gjennom åra. Dei mest imponerande sandslott bygde rett i nærleiket av der folk ferdast. Inntekta til desse karane er milde gåver kasta ned på eit pledd dei har lagt ut for formålet.

 I enden av spaserturen vår stod det fire representantar for det synlege politi. Det er mykje politi å sjå på patrulje rundt på dei stadane turistar ferdast. Slik som desse som trillar sakte og roleg rundt på turstiane på sine stillegåande scooterar. Då er spurde om eg kunne få eit foto av dei var det straks sí señor og deretter oppstilling i myndig, karsleg positur.
Tryggleikskapande karar som ikkje er sentralisert inn bak eit skrivbord i Las Palmas. Kanskje ikkje like robuste som elefantane i Afrika men spenstig og mjuk nok til å gjera jobben sin.

Kvelden vart avslutta på Naboen der denne karen underheldt oss til uti dei små timar. Biletet er ikkje av dei beste men de kjenner vel att Ole Ivars sin vokalist som eg ikkje kjem på namnet på, men moro var det lell.


mandag 17. mars 2014

Dag 2, rett og slett.



Det går i sus og i dus her nede under ekvator vil nok nokon sei. Gårdagen avslutta me på Kasbah med utsikt til danseplassen og noko godt i glasa. Eg valde Irish coffee medan naboen holdt seg til brandy. Graden av lauslivnad i drikkevegen til damene i reisefyljet høyrer privatlivet til.
Den fyrste heile dagen teikna godt når det gjeld været. Sol frå heilt skyfri himmel gjorde valet lett for soltilbedarane. Heile dagen strekt ut på solseng langs bassengkantet vart deira val. Den andre gruppa, som eg tilhøyrde, valde også det tradisjonelle. Rask gange ned til strandrestauranten vår for eit iskaldt ølglas i lag med ein tidlegare kollega av KA. Turen heim vart heller ikkje noko å skrive heim om sjølvom det er nett det eg gjer no. Ein passeleg lang omveg gjennom byen.
Kvelden vart avslutta med eit godt måltid mat på ein av favirittstadane våre som heiter Padaban, for deretter å flytte oss til før nemde utsikt til danseplass.

Før halv ni i dag starta eg og fruen dagens raske trimtur. Turen gjekk gjennom folketomme gater og allear medan sola enno kasta lange skuggar og temperaturen innbaud til rask gange.

Trimiveren er ikkje så overveldande som heime. Er det ferie så er det ferie er visst slagordet. Om det var det som gjorde denne stoppen framfor oppslagstavla til den lokale turistkyrkja eller ekte interresse for kyrkjelege handlingar veit eg ikkje.

Å komme ruslande på heimveg utan stivety og hatt skriv Jakob Sande om. Om det var det denne karen hadde vore ute for veit eg ikke. Eg ser to mogelegheiter. Stakkaren er på veg heim frå etterpågilde der han har gått av seg broka og har måtta på lånemarknaden for å skjule understellet på heimvegen, eller han er ein etternølar frå den tida då det ei kort stund var på moten for gutar å gå i skjørt. Hårfarge og frisyre tyder vel på det siste.

No startar dagen på alvor her. Det  får de høyre meir om i morgon.

søndag 16. mars 2014

Me er i gang.

 Så er den 12. turen vår til Playa del Ingles godt i gang. Me kom fram i sekstida i går kveld. Heile Playa kokte av carnevalopptog då me kom, så drosjen vår nådde ikkje fram heilt dit me skulle. Siste etappen gjekk opp og ned trapper og over bruer for til sist å nå buplassen vår med all bagasjen. Det er på slike dagar ein set pris på oppfinninga med hjuler på koffertane.

Eg må sei det som det er. Ei ordentleg snøbye då me nerma oss Heggmyrane sette berre ein ekstra positiv spiss på starten på feriereisa vår.

 Det følest mest som ein "milepæl" i ei utanlandsreise når tida er inne for å gå gjennom slusa til utlandsavdelinga på flyplassen. Denne døra kan ein berre gå ein veg, det er ikkje mogeleg å snu om ein har gløymt att noko.


 Flyturen er på vel 5 timar og den tida kortar eg inn med å forsøka å følje med på kor me er. Altså kva me ser under oss til ei kvar tid. Mykje av turen går over ope hav, men der me hadde turt land under oss var det for det meste skyfritt så då kan ein følje med. Her er eit bilete av snøkledde fjelltoppar heilt nord i Spania.


 På Playa del Ingles var det innspurt på årets carnevalsesong. I tillegg til dei mange hundre lastebilane og ombygde bussane stappfulle av utkledde passasjerar og det endelause toget av dansande deltakarar bak kvar ekvipasje, var alle fortau stappfulle av utkledde publikummarar. Menn utkledde som "damer" er standard kostyme. På biletet ser de ei frøken som lettar på dåsa for fotografen.
  Her ser de eit typisk eksempel på køyretøy i det lange opptoget som seig sakte gjennom sentrum heile kvelden. Nedanfor kan de sjå eksempel frå folkehavet rundt heile ruta. Omlag 5 timar tok det frå fyrste til siste køyretøy passerte i gata der me bur.

No er tida inne for den fyrste ordentlege feriedagen. Solsenger er okkuperte ved bassenget for dei som skal dit, medan me karane tenkjer oss ein rusletur ut på byen.

mandag 7. oktober 2013

Fasit Quiz 05.10.13.


1. omgang

  1. Ola By Rise
  2. 6 desember 1972
  3. 80,3 %
  4. Tommy Tee, Sondre Lerche, Espen Lind, Lene Nystrøm
  5. Olav Grov
  6. 90 kr
  7. Drammen
  8. Helene Bøksle
  9. Fortun Turiststasjon
  10. Osen

2. omgang
  1. Mette Østerbø
  2. 25
  3. Livslyst
  4. Paul McCartney
  5. Børre Rognlien
  6. Ole Jakob Fuhr
  7. 24. oktober
  8. Bob Dylan
  9. Tunsbergdalen
  10. Ved Urnes Stavkyrkje

3. omgang
  1. 2022
  2. Varangerfjorden
  3. Bjørn Eidsvåg og Kurt Nilsen.
  4. Børre Stenslid
  5. Gjøa
  6. Luster Unge Høgre
  7. Det blei starta der.
  8. Anne Grete Preus
  9. Øygarden, museet til Bjørg Hovland
  10. Bringe

Lustrabui - QUIZ 05.10.13.

Her kan du bryne deg på spørsmåla frå quiz-en på Lustrabui 05.10.13.

1. omgang
  1. Kven var assistent-trenar for det norske fotball-landslaget under «Drillo
  2. Kva årstal er ordførar Kvalen fødd
  3. Kva var frammøte-prosenten i Luster ved haustens stortingsval
  4. Kva heiter dei 4 dommarane i årets utgåve av The Voice?
  5. Kva heiter næringssjefen til Luster Kommune
  6. SA: Kva var m² prisen for byggefeltet på Kvitevollen.
  7. I kva by held Aass-bryggeriet til.
  8. Kven syng her
  9. Kva bygg er dette
 
    10. Kvar er dette



2. omgang.
  1. Kva heite eigaren av Pyramiden Kafe
  2. Kor mange representantar har Luster kommunestyre
  3. Kva heiter den nye klebutikken på Pyramiden
  4. Kva verdskjend popartist har kallenavnet «Macca»?
  5. Kven er idrettspresident i Norge?
  6. SA: Kven lustring tok sølv i hurtigfrigjerings NM
  7. Kva dato er FN dagen
  8. Kven syng her
  9. Kvar er dette 


  1. Kvar er dette biletet teke


3.omgang.
  1. Oslo vurderar å søke om OL. For kva år?
  2. Kva heiter Norges einaste betydelege fjord som går frå aust mot vest
  3. Kva artistar står bak låten «På rett kjøl»?
  4. Kven tidlegare Sogndal -spelar infomerte denne veka om at han legg opp?
  5. Kva heitte båten Roald Amundsen brukte gjennom Norvestpassasjen
  6. SA: Kven representerar Julie Hatlvoll i Ungdom-mens Kommunestyre
  7. Oljeselskapet Shell har spesiell tilknyting til Nederland. Kvifor
  8. Kven syng her
  9. Kvar er dette

10. Kvar er dette