søndag 16. mars 2014

Me er i gang.

 Så er den 12. turen vår til Playa del Ingles godt i gang. Me kom fram i sekstida i går kveld. Heile Playa kokte av carnevalopptog då me kom, så drosjen vår nådde ikkje fram heilt dit me skulle. Siste etappen gjekk opp og ned trapper og over bruer for til sist å nå buplassen vår med all bagasjen. Det er på slike dagar ein set pris på oppfinninga med hjuler på koffertane.

Eg må sei det som det er. Ei ordentleg snøbye då me nerma oss Heggmyrane sette berre ein ekstra positiv spiss på starten på feriereisa vår.

 Det følest mest som ein "milepæl" i ei utanlandsreise når tida er inne for å gå gjennom slusa til utlandsavdelinga på flyplassen. Denne døra kan ein berre gå ein veg, det er ikkje mogeleg å snu om ein har gløymt att noko.


 Flyturen er på vel 5 timar og den tida kortar eg inn med å forsøka å følje med på kor me er. Altså kva me ser under oss til ei kvar tid. Mykje av turen går over ope hav, men der me hadde turt land under oss var det for det meste skyfritt så då kan ein følje med. Her er eit bilete av snøkledde fjelltoppar heilt nord i Spania.


 På Playa del Ingles var det innspurt på årets carnevalsesong. I tillegg til dei mange hundre lastebilane og ombygde bussane stappfulle av utkledde passasjerar og det endelause toget av dansande deltakarar bak kvar ekvipasje, var alle fortau stappfulle av utkledde publikummarar. Menn utkledde som "damer" er standard kostyme. På biletet ser de ei frøken som lettar på dåsa for fotografen.
  Her ser de eit typisk eksempel på køyretøy i det lange opptoget som seig sakte gjennom sentrum heile kvelden. Nedanfor kan de sjå eksempel frå folkehavet rundt heile ruta. Omlag 5 timar tok det frå fyrste til siste køyretøy passerte i gata der me bur.

No er tida inne for den fyrste ordentlege feriedagen. Solsenger er okkuperte ved bassenget for dei som skal dit, medan me karane tenkjer oss ein rusletur ut på byen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar