lørdag 1. april 2017

Laurdag, calima og 40 ℃ i skuggen

 Det er ein steikande varme her for tida, men det hefta oss ikkje i går kveld.  Aldri så heitt at det ikkje er fint å sitje ute til langt på kveld og ete kjuklingmiddag levert på hengande spyd.

 PÅ veg til rommet vårt vart det freistande å ta med eit bilete av det halvt mørklagde bassengområdet vårt. Det var sikkert over 20 grader då me kom heim i 22 -23 tida i går så med ungdommeleg mot inntakt hadde det sikkert vorte ein dukkert. Men det motet uteblei og turen gjekk til vår lune hule i staden for.
Me har klimaanlegg på romma våre og i går kveld var det godt å sette det på før leggetid. Ellers hadde det ikkje vorte mykje søvn er eg redd  for.

Enno heitare er det i dag. Gradestokken vår viste 39.5 i skuggen på balkongen vår det siste eg såg før den konka ut. På biletet ser de 37.0 som var det høgste eg fekk på foto.
Denne vertypen kallast for calima og er varme vindar som tek med seg støv frå det afrikanske fastlandet.

Eg har halde meg heime og for det meste inne i dag medan Alice har halde ut ei heil stund på solseng i dag også. Det har vore ein del vind så der den tek har det ikkje vore så galt uansett.

No går turen til Playa del Ingles der me har avtala å møte to lustringar for ein triveleg kveld på byen.
Om det slepp gjennom sensuren skal  de få vete meir om det i morgon.

Takk for i dag.

fredag 31. mars 2017

Fredagsbloggen

I går kveld gjekk turen til Puerto Mogan. Me var fire i lag, tre damer og eg, så det gjekk ikkje lenge før fleirtalet hadde funne fyrste stoppestad.  Om det vart nokon handel er eg usikker på då eg for det meste holdt meg ute.

 Ein liten tur inn i døra våga eg meg forresten og der såg eg at damene hadde samla seg rundt ei skohylle. Dette var vel for så vidt ikkje så underleg, men skomerket var nytt for meg.  BIRKENSTOCK er visst det nye,hotte innan sandalar for tida. Eller er eg heilt på viddene?

 Etter handlerunden var det endeleg klart for matøkt. Denne hyggelege mannen ynskte oss vel møtt og fann passande bord til oss. Kvitvin og øl vart bestillt før menyane vart tekne fram for finlesning.

Det vart biff på meg. Entrecôte skrivest det visst på fransk og eg har i ettertid lese meg til at det skal vera det møyraste kjøtet på storfeet nest etter indre og ytrefilet. Dette fann eg på wikipedia men har altså ikkje peiling sjølv. Godt og møyrt og heilt passeleg steikt var det i alle fall. Damene valde frå sjøens delikattesser.

Sidan vart det barrunde der damene valde ein slags jordbærdrink medan eg valde det vanlege, ein veterano.

No var mørket komme over bygda og hamna. Det er stadig fasinerande med den liggande månen. Det var på tide å finne busshaldeplassen og komme seg på heimtur. Etter ein heseblesande spurt rakk me heldigvis siste bussen heim med god margin.

 Meir heseblesande skulle det bli. Det viste seg at me hadde fått bussjåføren frå helvete til å køyre oss heim. I fyrste svingen miste ei jente på setet bak oss taket og rauk over midtgangen og opp i fanget til reiseføljet vårt. Heldigvis var det ei retteleg lettvektar så det skjedde ingen skade. Alle lo hjarteleg unnateke jenta som forsøkte å gøyme seg så best ho kunne bak kompisen sin.


Etter dette lærte alle at her var det om å gjere å halde oss fast. For det gjekk frå galt til verre. Ei slik køyring har eg aldri vore med på. Med lyset på blend, så dårleg at det var knapt eg såg lyset på asfalten gjekk det så det kvein i alle svingar. Ei giring og gassing så det var mest eit under han ikkje kvelva heile bussen. Ei dame i setet framfor oss sag samankrøkt med andletet i fanget heile turen. Ho våga ikkje å sjå opp før bussen hadde stoppa.

Eg trøsta meg med at dette vart berre denne eine turen for oss. Sjåføren hadde heilt sikkert overlevd ei rekke slike turar.


I dag har eg halde meg ved "teltene". Veret er strålande. I ein lun men skuggefull krok på terrassen var det for litt sidan 28 grader.


Takk for i dag.

torsdag 30. mars 2017

Torsdag i andre veka.

 På denne bloggen der kun dei viktige nyhendene slepp gjennom kan eg fortelje at i dag har eg gått til innkjøp av ny hue. Etter grundig overveging er eg kommen til at det kan vere greit å vere eigar av to. Så heretter skal de berre ta det med ro om hua mi heng att på ein stolrygg på Lustrabui og det regnar ute. Eg har ei til.

Bileta i dag er frå ei, for meg,  altenativ side av Puerto Rico. I dag har eg rusla ut på austre moloen som kransar badestranda. Frå der er det fyrste biletet teke.

 Andre biletet er av der eg stod og tok det  fyrste. Turen i dag gjekk etter kvart til den andre hamna her. Eg trur det vert kalla Nye Puerto Rico der og dette biletet er altså teke på veg dit.

Slik ser det ut i småbåthamna der. I tillegg er det også ei bra mykje romslegare hamn for nyttefartøy. I den er det eit yrande liv av båtar i alle storleikar. Her kan du stige på rutebåt til Mogan eller Arguineguin, her kan du bli med på kvalsafari med både store og små båtar, eller du kan leige det båt med kaptein for å dra på havfiske.

Om eit par timar går ture til Puerto Mogan. Det gledar me oss til. Så vil tiden vise om det vert noko å rapportere drefrå. Det kjem i tilfelle i morgon.

Takk for i dag.



onsdag 29. mars 2017

Onsdag, halvveges.


Gårkvelden var prega av krimsjuke som ho bestemor i Skare kalla det og matte augo. Me heldt oss i sofaen og forlysta oss med det svenskane serverte til ei kvar tid på ein kanal dei kallar 4.

I dag har Alice etter kvart funne sin plass i sola. Det var det sers kledelege hovudplagget som fekk meg til å gje plass til dette meir private motivet her på bloggen.

I dag tok eg ut på langtur. Eg sette i veg opp bakkane bak hotellet me bur på. Eg hadde ein grov plan om å forsera høgste ryggane bak her og gå ned att dalen som endar opp på Amadores-stranda. Her er eit bilete nedatt mot stranda i Puerto Rico rett før eg misser utsikta heimatt.

Det var ikkje lenge gjort før også neste åskam var nådd og her ser me strendene utover til Arguineguin. Puerto Rico er for lengst borte bak åsen i forgrunnen.

Det veks ikkje mykje villt her. Stort sett kaktus og ein slags vier. Gjev du det vatn og litt jord derimot, så vil det seg. Dette omfangsrike "tuntreet", planta på ei øy midt i gata og som femner over heile gatebreidda var eit imponerande syn på min veg i dag.


Desse to bileta av Amadores frå ein noko uvanleg vinkel tok eg i det eg såg stranda for fyrste gang ned dei bratte bakkane frå toppen.

 På ein strandrestaurant vart det spansk omelett og eit lite glas øl. Dette er ein lunchrett eg et ofte her nede. Den består seg av omelett med potetskiver i og med salat til. Absolutt noko å anbefale om du er svolten.

Så la eg badestranda bak meg og tok den flate vegen heimatt. Kva kvelden vil bringe er enno ikkje sikkert, men det kan no bli ein tur på senteret kanskje. Ein av oss har i sine gener, arva fossrennande auger ved forkjølelse (krimsjuke)   og om det ikkje gjev seg er det ikkje moro å vere ute blandt folk.

I morgon skal me til Puerto Mogan, men eg trur det vert tid til nokre ord her før me dreg. Om ikkje så veit de altså årsaka.

Takk for i dag.




tirsdag 28. mars 2017

Det 4. reisebrevet.

Me må fyrst av allt i dag få seie takk for mange gode tips om hyggjelege serveringsstadar med god mat. I går var me på ein av dei. Pinocchio serverar ordentleg pasta carbonara, laga etter den rette oppskrifta og med dei rette ingrediensane og det er ikkje sjølvsagt. Også Pizza pepperoni var som den skal vere. Rikeleg med ekte pepperonipølse gjorde det til ei sterk oppleving for madammen å innta den.
Etter maten var det godt med eit glas kaffi. I kveld som ofte ellers etter irsk oppskrift.

Helsa er det ikkje noko nytt å skrive om. Me snårar litt begge to. Me hostar litt også men deler på vidundermedisinen frå i går. Det viktigaste er at me no kan gjere det me kom hit for begge to, den eine solar seg medan den andre labbar gatelangs etter fotomotiv det kan skrivast nokre linjer om.

Eg har telefonen full av foto som skal fortelje om den fuglefjellaktige byggemåten som er nytta i mange av dei bratte hamrane rundt om her. Men som de alle veit som har prøvd på noko slikt, ein ører ikkje i hovudet av å sjå på bileter for å sei der slik. Alikevel kan me kanskje tenka oss utsikta og friheiten ein kan føla der oppe, 2-300 meter over dalbotnen.

Om det ikkje er ein flyplass i nerleiken (og der er det skjeldan)  er det gjerne båthamna eg oppsøker fyrst. Slik var det også i dag. Ein yrande aktivitet av passasjerbåtar som går i rute mellom Arguineguin og Puerto Mogan påminner meg om at ein dag skal me ta den turen. Denne staden, Arguineguin, med namnet eg må slå opp på kvar gang eg skal skrive det og som nordmenn flest uttalar på dei mest festelege måtar tyder forresten stille vatn eller noko slikt. Eg har sett det oversett til engelsk som quiet water. Det er sikker grunna den gode naturlege hamna.

Til slutt i dag vil eg skrive litt om dykk lesarane. Eg har tilgang til fyldige statistikkar til denne bloggen. Eg veit ikkje kven som les, men eg veit blandt anna kor mange de er og kva utstyr de nyttar når de les.
Den datateknologiske utviklinga går fort og mange seier at folk på min alder klarar ikkje å følje med  og dermed vert taparar i medieverda. Dette er stort sett tullprat. Det store fleirtalet tek i bruk nyvinningane. Telefonen for eksempel. Me kallar han for telefon av gammal vane, men det er snart det me brukar han minst til. Eg går ikkje ut frå at denne bloggen går som ei farsott i ungdomsmiljøa for å sei det slik.  Av alle de som les denne bloggen no er det ca 75% som les på telefonen, 20%  brukar nettbrett og 4% av dykk sit som meg no med ei datamaskin framfor dykk.

Takk for i dag.