mandag 25. mars 2024

Mandag på Playa

 

Me kosta på oss litt ekstra til søndagsmiddag i går kveld. Turen gjekk til Yumbo-senteret og indrefilet av storfe, servert på glodvarm steinplate. Dei hadde erfaring med kor vanskeleg det var å halde seg rein, så alle som tinga denne retten fekk smikke rundt halsen og klede i fanget. Det vart det også bruk for. Maten og servicen var så god at bestemde oss der og då at dit ville me fleire gonger.

Etterpå gjekk turen til Kasbah. Etter tradisjonen vart det ein irsk kaffi, ein veterano og spansk musikk i bakgrunnen.

Så gjekk turen heim til Corona Blanca og eit blikk utover kveld på Playa del Ingles før det vart relativt tidleg til sengs.


I dag vakna me til skyfri himmel, noko som gjorde at stemninga gjekk heilt til topps hos familien Skare.


Nokon av oss drog rett til soling på bassengkanten medan andre tok seg ein tur gatelangs, der me kunne observere gult på svart at det er ordentleg midtsommartemperatur her i dag


Turen min i dag gjekk gatelangs til kjøpesenteret i San Augustin.



Og heim att same vegen.

No er klokka halv fem her nede og me har stadig ikkje sett ei sky på himmelen.

Det var allt for i dag. 





søndag 24. mars 2024

Dag 2 i Playa del Ingles

 

Årets fyrste middagsmåltid inntok me i går kveld på "stamkafeen" vår.  Det vil sei kinarestauranten ved Jardin del Sol. Dit går me som regel 2, 3, 4 kveldar i løpet av eit 14 dagars opphald.
Kylling i sursøt saus og kylling med cashevnøtter, begge med steikt ris til, var menyen me valde.

Og etterpå var det honning-rom og noko anna søtt "på huset". Flaska sette dei som vanleg att om me ynskte meir.

Det vart tidleg i seng i går kveld. Det gjorde at det vart tidleg opp også. Klokka 6 lokal tid hadde eg fått mine 8 timar søvn og etter frokost og noko somling gjekk vegen mot stranda i halv 9 tida. På denne tida er det ikkje mykje liv på stranda men ypperleg tid for litt trim.

Og ein trimtur vart det på meg også. Sanden var fast og fin så eg sette i vegen det fortaste eg klarde, så og seie. Den einaste gåande som gjekk forbi meg var denne karen og han hengde eg meg på. Eg vil med dette sende ei stor takk til fartsholdaren min, kven du no er. Utan deg hadde eg ikkje nådd fyren på 40 minuttar. Den gjorde turen min til ei hardøkt i mi verd.

For deg som er kjend i desse traktene, stranda frå Playa del Ingles til Faro var i år like fin og steinfri som her på biletet heile vegen. Det har eg aldri opplevd dei 20 gongene me har vore her. 

Det har vore snakka mykje om uveret her nede, med nykje nedbør. Det har regna litt etter at  me kom også, men elvane er turre og det er dei ikkje etter store nedbørsmengder.

Veret den fyrste heile dagen har vore ok. Det har blese ei sky forbi sola i ny og ne, men det har ikkje hindra husets frue å gjere det ho likar best også.

Det var allt for i dag. Kva me gjer i kveld veit me ikkje enno men ein tur på Kasba og ein irsk kaffidrope etter middagen er ikkje umogeleg at det vert.



lørdag 23. mars 2024

Fyrste dag på Playa del Ingles 2024

 

Fyrste dag på sydenferie startar ca klokka 05.00 og hotellfrukost med havregraut på menyen. Ja det er det de ser der. Eg er berre urøynd med å strø kanel med teskei så det vart litt mykje. 
Turen starta i går med rutebuss frå Svabui til Sogndal, deretter ekspressbuss til Bergen og avslutta med Bybane til Flesland. Eg kan melda om at det let seg absolutt gjera å vere miljøbevisst og nytte kollektivtransport på fyrste del av turen. Så snakkar me ikkje så mykje om resten av turen.

For resten av turen gjekk med SAS med sitjeplass på bakerste benk. Enkelte vil vel ha det til at flyfrakt heller ikkje er så verst. Om ein deler drivstofforbruk på antal passasjerar brukar visst ikke desse flya meir pr mil enn ein bensinbil. Det er berre den haken ved det at me er 200 stykker som køyrer 4000 km på 5 timar, så det vert lett å svi av nokre liter for å sei det slik. 

Me er godt nøgde med buplassen vår både innomhus og utomhus i 6. etasje på Corona Blanca, med denne utsikta.

No har me vore ute og handla litt mat og drikke til heimebruk. Snart går turen på byen og middag på kinarestaurant.

Det var allt for i dag.




onsdag 6. september 2023

dag 6. Siste dagen.

 


Siste dag på ferieturen vår til Kreta har eg rusla mykje for meg sjølv. Eg kryssa motorvegen med mål om å finne dei smale vegane gjennom olivenlundane.


Det viste seg fort at eg var på rett veg. No er det ikkje slik at eg har all æra for det, google map er ein god føljesvein på ukjende vegar.



Denne stammen har nok bore mange titalls, ja sikkert hundretals årgangar med olivenar.

Ein tur på den lokale gravlunden er obligatorisk når ein får eit opphald på nye stadar, langt nok til at det vert tid til slikt.

Slik gjer dei det her. Den gresk ortodokse kyrkja er statskyrkja her og den som mest alle her  reknar som sin religion. 




Dette bygget stod i enden av gravplassen. Det hadde sett betre dagar, var sprukke sund i alle retningar og trea rundt var i ferd med å få overtaket. Det var tydelegvis ikkje i bruk.


Så traska eg vidare på mi ferd. Passeleg eksotisk der eg måtte trø forsiktig for ikkje å skli i nedfalls-fikenar og daude kattar.

Så gjekk vegen vidare og snart såg eg porten under motorvegen og inn i sivilisasjonen att.


Der trefte eg på denne kyrkja. Bygd på slutten av 1970 talet om eg ikkje hugsar heilt feil.

I ein by som vart planlagt og bygd lenge før bilen si tid og med sjåførar med eit avslappa forhold til trafikkreglar vert det mykje fantasirik parkering. Her er fire bileter frå mi ferd i dag. Eg kunne lett funne førti.




Turen min i dag vart avslutta med gresk omelett. No ventar eg dei tre andre i reisefyljet attende frå badestranda. 

Så vert det felles middag 10 - 12 stykker i lag. I morgon ber det på heimveg, me reknar å vere i Luster til leggetid i morgon kveld.

Takk for oss frå denne turen.









tirsdag 5. september 2023

Dag 5. Ut på tur

 

Rethymno vert ofte forbinda med den lange strandpromenaden med hotell, serveringsstadar, bilveg med mykje trafikk og sandstrand. Det har vel også komme fram i denne bloggserien. Men det er også ein del som strekker seg frå enden av promenaden og langt austover.  Her er det ingen veg i det heile Her ligg hotella og serveringstadane heilt i stranda og du går rett frå hotelldøra og ut i sanden, så å seia. 

Strendene dei strekker seg kilometervis austover,

I dag har me vore på busstur. Det går sightseeing-bussar i ei sløyfe gjennom byen, opp bakkane med toppunkt ved eit krigsmuseum og nedatt til byen.  Bussen har mange stoppeplassar undervegs der du kan gå av og sjå deg omkring og gå på neste buss som kjem med ca 45 minuttar mellomrom.


For ein aktiv og ein pensjonert lastebilsjåfør var bilturen også verd å observere. Det var stor trafikk nokon stadar, skrekkeleg smalt og stor trafikk andre stadar men vår stødige sjåfør manøverte dobbeltdekkaren sin med stø hand og litt luft mellom bussen og omjevnadane heile turen.


Museet hadde vore med i krigshendingar i fleire hundre år, men i fyrste del av 2. verdskrig var det viktige slag her mellom nazityskland og allierte troppar. Krigsmateriell var det også utstillt ute. Dette helikopteret hadde vore del av Hellas sin hær på 1960 talet.


Eit lite einmotors fly, sikkert brukt til observasjonar, var også utstillt. Som de ser var det enkelte av reisefyljet som hadde heilt andre ting i tankane enn dette stilige flyet.


Blomsterprakt er det mykje av her på øya. Dette treet som me fauk forbi med bussen vår får vere eit eksempel på det.


Så var me på veg ned til bysentrum att og turen var slutt


Om ikkje små fly skapte den store interressa så gjorde megastore meloner det. 


Me er no starta nedtellinga til heimreise og Jakob er sett på avvenningskur.

Takk for i dag.