Dagens blogg startar som alltid med siste del av gårdagen. Etter ordentleg festmiddag på søndag valde me det meir sparsommelege i går. Turen gjekk til Little Brasil som me har utsikt til heimanfrå. Eg valde pasta carbonara medan husets frue valde pizza. Eg fekk eit måltid eg kanskje kunne vente meg, lunken spagetti med små skinkeskiver gøymt under og eit smaklaust pudder dei kalla parmesanost til å strø oppå. Men pizzaen tok kaka. Den bestod av eit knuskturt rundt brød med spekeskinke, rucola og antydning til cherrytomater, trur eg. Ingen antydning til nokon slag saus eller ost. Dette er den tusknaste pizzaen eg har sett i mitt liv.
tirsdag 26. mars 2024
Tysdagsbloggen frå Playa del Ingles
mandag 25. mars 2024
Mandag på Playa
Me kosta på oss litt ekstra til søndagsmiddag i går kveld. Turen gjekk til Yumbo-senteret og indrefilet av storfe, servert på glodvarm steinplate. Dei hadde erfaring med kor vanskeleg det var å halde seg rein, så alle som tinga denne retten fekk smikke rundt halsen og klede i fanget. Det vart det også bruk for. Maten og servicen var så god at bestemde oss der og då at dit ville me fleire gonger.
Etterpå gjekk turen til Kasbah. Etter tradisjonen vart det ein irsk kaffi, ein veterano og spansk musikk i bakgrunnen.

søndag 24. mars 2024
Dag 2 i Playa del Ingles
Årets fyrste middagsmåltid inntok me i går kveld på "stamkafeen" vår. Det vil sei kinarestauranten ved Jardin del Sol. Dit går me som regel 2, 3, 4 kveldar i løpet av eit 14 dagars opphald.
Det vart tidleg i seng i går kveld. Det gjorde at det vart tidleg opp også. Klokka 6 lokal tid hadde eg fått mine 8 timar søvn og etter frokost og noko somling gjekk vegen mot stranda i halv 9 tida. På denne tida er det ikkje mykje liv på stranda men ypperleg tid for litt trim.
Og ein trimtur vart det på meg også. Sanden var fast og fin så eg sette i vegen det fortaste eg klarde, så og seie. Den einaste gåande som gjekk forbi meg var denne karen og han hengde eg meg på. Eg vil med dette sende ei stor takk til fartsholdaren min, kven du no er. Utan deg hadde eg ikkje nådd fyren på 40 minuttar. Den gjorde turen min til ei hardøkt i mi verd.
For deg som er kjend i desse traktene, stranda frå Playa del Ingles til Faro var i år like fin og steinfri som her på biletet heile vegen. Det har eg aldri opplevd dei 20 gongene me har vore her.
Det har vore snakka mykje om uveret her nede, med nykje nedbør. Det har regna litt etter at me kom også, men elvane er turre og det er dei ikkje etter store nedbørsmengder.
Veret den fyrste heile dagen har vore ok. Det har blese ei sky forbi sola i ny og ne, men det har ikkje hindra husets frue å gjere det ho likar best også.
lørdag 23. mars 2024
Fyrste dag på Playa del Ingles 2024
Fyrste dag på sydenferie startar ca klokka 05.00 og hotellfrukost med havregraut på menyen. Ja det er det de ser der. Eg er berre urøynd med å strø kanel med teskei så det vart litt mykje.
For resten av turen gjekk med SAS med sitjeplass på bakerste benk. Enkelte vil vel ha det til at flyfrakt heller ikkje er så verst. Om ein deler drivstofforbruk på antal passasjerar brukar visst ikke desse flya meir pr mil enn ein bensinbil. Det er berre den haken ved det at me er 200 stykker som køyrer 4000 km på 5 timar, så det vert lett å svi av nokre liter for å sei det slik. No har me vore ute og handla litt mat og drikke til heimebruk. Snart går turen på byen og middag på kinarestaurant.
Det var allt for i dag.
onsdag 6. september 2023
dag 6. Siste dagen.
Ein tur på den lokale gravlunden er obligatorisk når ein får eit opphald på nye stadar, langt nok til at det vert tid til slikt.
Slik gjer dei det her. Den gresk ortodokse kyrkja er statskyrkja her og den som mest alle her reknar som sin religion.
Så gjekk vegen vidare og snart såg eg porten under motorvegen og inn i sivilisasjonen att.
I ein by som vart planlagt og bygd lenge før bilen si tid og med sjåførar med eit avslappa forhold til trafikkreglar vert det mykje fantasirik parkering. Her er fire bileter frå mi ferd i dag. Eg kunne lett funne førti.
Turen min i dag vart avslutta med gresk omelett. No ventar eg dei tre andre i reisefyljet attende frå badestranda.
Så vert det felles middag 10 - 12 stykker i lag. I morgon ber det på heimveg, me reknar å vere i Luster til leggetid i morgon kveld.
Takk for oss frå denne turen.





































