mandag 11. mars 2013

Mandag på playa.

"Og her er den meir beskjedne og sikkert nytilsette. Det verka som at ho steig i gradene medan vi var der, frå den som rydda og bar inn mat til å ta mot kundane og til å ta opp bestilling."


Dette biletet og biletteksten er frå siste dagen vår her nede i varmen i 2010. Dama er kelnar på stamkafeen vår med 4 års ansinitet, medan eg og KA har vore trufast innom her dei fleste feriedagane våre i elleve år.
No, tre år etter er det tydeleg at ho er den som har styring med det meste rundt borda.
Som dei trufaste kundane me er vart me ynskt velkommen på eit vis som tydeleg gav til kjenne at me var attkjende.  

 Staden heiter Long Beach og ligg heilt nede ved stranda like ved hovudtrappa ned i sanden.
Det er ikkje nett noko luksusbygg dei held til i med restaurantdrifta si her, men triveleg er det å sitte ute i skugge for sola. Me vel alltid eit bord langs vindaugerekka mot stranda. Som de ser under er det ikkje noko å sei på utsikta.
Her kan me sitje i timar å sjå utover det vide havet.


 Eit bilet av menyen vår må det også bli plass til. To slunkne glas med serveza og eit lite bidne med nok salt er allt me treng for å trivast. 

No ventar me vitjing frå nabobygda. Det kjem snart ein delegasjon lustringar til oss så i kveld skal me mora oss ut i dei små timar.

Været er stadig fint. Ikkje steikand sol heile tida, men nok til at ingen klagar.





søndag 10. mars 2013

11. turen til Playa del Ingles Del 1.

Me er no bortimot vel etablert i husværet vårt her uti Atlanterhavet. Når eg seier bortimot vil det seie at eg og Alice får (truleg) flytte i morgon. Etter anbefaling i fjor ringde me til resepsjonen for ca 2 veker sidan og melde vår ankomst og kom med ynskjer om buplass inne på området. Etter 11 opphald på samme etablesement er det naturleg at me har ynskjemål både om morgonsol og å bu nær kvarandre når me reiser to par i lag. Ingen av desse ynskja er innfridd på nokon måte. KA og co. har ettermiddagsol men på ein plass dei har slege seg til ro med. Me har fått tildelt husvære nordvendt der sol aldrig skin og i lang avstand frå resten av reiseføljet. Dette førde til høglytte og arge protestar frå Alice, noko som var handsama med største alvor av resepsjonist. Ho er invitert til møte i resepejonen i morgon kl 11.00. og då skal ho blidgjerast lovar dei.


Men det var reisa ned hit eg hadde tenkt å skrive om i dag. Kl 4 i natt var me komne på Flesland. Nett i passeleg tid for å ordne med innsjekking pr. automat før bagasjebanda starta kl ti på halv fem. 


Vel ombord i flyet og fri frå marka var tida inne for å handle seg frukost. Dette er eit typisk morgonmåltid for lustringar på langtur.
Turen gjekk strålande for meg. Eg sov det meste av turen så tida gjekk fort.


Me hadde kosta på oss nokre få kroner for å få betre plass til føtene. Fremste stolrada er då oftast eit godt val. Som de ser var plassen upåklageleg. Me kunne komme og gå som me ville utan å bry sidemannen og me fekk mest strekke føtene som me ville.

No har eg og KA hatt oss ein liten tur på byen. Sidan blir det ein liten strekk før turen går til ein middagsrestaurant og deretter tidleg heim og i seng. Me har ikkje vore i seng sidan i går morgon og eit par av oss har ikkje hatt blund på augene så det blir nok godt.

Kanskje mykje tomme ord i dag men trøytttingar på reise i eit halvt døger skapar ikkje overskrifter.
Så får me sjå i morgon om opplevingane har stått i kø når dagen går mot kveld og tida er inne for reisebrev nr. 2. frå oss.

Været er upåklageleg. Mellom 20 og 25 grader og delvis skya fint vær.

søndag 11. november 2012

Flytur til Bringeland

Socata TB-10 Tobago
er betegnelsen på flyet til Fjordane Flyklubb. Dette flyet var det eg fekk føra som presang til min 60 årsdag. Denne biletreportasjen dokumenterar den eine turen eg hadde. Den gjekk frå Haukåsen til Bringeland og attende. 
 Vel oppe i lufta ser instrumentbordet slik ut. Me har nådd 5000 fot, stig med 100 fot pr. minutt og farten er i underkant av 100 knop.

 Utsikten er allt upåklageleg. Me er over Fimreite og ser utover mot Vangsnes og Balestrand.

 Me hadde avtale med tårnet på Haukåsen om å melda oss med høgde fart og kurs ved passering Vangsnes. Då fekk me også melding  om att me kom til å passera eit ambulansehelikopter på veg til Aurland.

 Så gjekk turen vidare over fjellområda mellom Balestrand, Høyanger og Sunnfjord til innflyginga til Bringeland starta over Viksdalen.


 Flyklubben har eige  tankeanlegg på Bringeland og me etterfyllte tankane med ca 100 liter flybensin.
 Flyklubben sin hangar kollapsa under snøtyngde for nokre å sidan. No er det bygd opp nye bygningar. Halve hangaren er utleigd til Airlift som er nermaste naboen deira.



 Dette flyet var det einaste som "overlevde" då hangaren braut saman. Ein veteran frå 1951 som stadig er flygedyktig.
 Turen heim gjekk fyrst mot Førde sentrum, deretter langs vegen opp mot Vassenden som me ser her med Jølstravatnet i bakgrunnen.

 Her flyg me på sørsida av et lite fjell som ligg på sørsida av Jølstravatnet. Eit flatt område med bondegardar rundt eit lite vatn som ein ikkje veit at finns om ein køyrer vegen.
 Turen gjekk vidare inn Kjøsnesfjorden. Her ser me vegen og tunnelopningen til Fjærlandstunellen. Me svinga av og flaug opp ein bratt dal og tok slik kortaste vegen mot Fjærland.


 I det me passerar høgste punktet ser me sørlegaste delen av Jostedalsbreen.

 Plutseleg opnar Fjærland seg under oss, men me kryssar berre høgt over for kurs mot Anestølen fremst i Sogndasdalen.



 Her ser me dalen framom Anestølen nermar seg.

 Og plutseleg har me Selseng og hyttene langs Dalavatnet under oss.

 Turen ned dalen mot Sogndal gjekk i låg høgde med god utsikt til det meste.



 Opp bakkane mot Kaupanger fekk me sjå anlegget til Fredheim Maskin på Valeberg frå uvandt vinkel.
 Så var turen over og på veg ned frå flyplassen passerte flyet over hovudet på meg med nye flyglade passasjerar eller amatørflygarar.


onsdag 8. august 2012

Syskjenbarntreff Villanger-slekta 2012 Sooke Canada.


Dette er bilete teke i mørkna av huset vi og 10 andre av oss 23 treffdeltakarane bur i kan vera ein passande intro til denne oppsumerinag av Villanger-syskjenborna sitt treff 2012.

Vi kom hit til Sooke på Vancouver Island fredag kveld og har dermed hatt 4 heile dagar her. Laurdag kveld vart det offisielle hovudarrangementet avhalde som tradisjonen tru vart avslutta med å slå to nye til møy og riddar av denne "ordenen". Det betyr å bli utpeika til tilskipar av neste treff. I år vart dette meg og Astrid så neste treff skal altså haldast i Luster i august 2015.

Utover dette arrangementet har dagane her gått med til felles utflukter og meir eller mindre offisielle sosiale lag både på dag og kveldstid. Mange, for ikke å sei dei fleste måltida skjer i samla lag også.

Sook ligg ein times tid reise frå Wictoria. Denne byen har fått navnet sitt frå Dronning  Victoria av Storbritania som regjerte der mykje av 1800 talet. Det er hovudstaden i British Colombia (BC) sjølv om nabobyen Vancouver er mykje større og har gjeve navn til øya hovudstaden ligg på.


BC kom til som ein koloni under Storbritania og ikke minst her på Wancouver Island er dei stolte av det. Det seiest at i Wictoria finn ein dei mest britiske folka i heile verda. Denne dobbeltdekkaren er eit tydeleg signal om det.

Dette skal ikkje vera eit historieskrift om BC, men ein ting ein ikkje kan unngå å observere og som eg vel har antyda før også er dei utruleg høge trea. Å bevisa dette med vanlege amatørbileter er ikkje lett, men dette er altså tretoppane fotografert frå midt i vegen i ein heilt vanleg og ikkje spesiellt gammal skog.


For ein noko over middels flyinteressert vart dette spanande fotoobjekt. I sjøflyhavna i Wictoria landa og letta det sjøfly så ofte det var mogeleg. Flyselskapet som eig desse flya er verdens største berre-sjøfly-selskap.


Her ligg eit tomotors klar for mottak av passasjerar. Dette går i vanleg rutefart, noko mange av dei andre også gjer. Eg såg i ruteheftet deira at til Vancouver går det to rutefly i timen heile dagen. Wancouver har verdens største sjøflyhavn i følje dei sjølve.


 I går var me på Royal BC Museum men fyrst vart det tid til ein tur rundt om i byen. Her ser de eine figuren i ein totempel. Desse er det svært mange av i heile området her. Dette var indianarområde før det vart "invadert" av nybyggjarar og gullgravarar frå USA og Europa. I den seinare tida har myndigheiter og befolkning forsøkt å ta tak i den urett som er gjort overfor indianarane, eller First Nation som dei kallas dei no.
Her er eit bilete av nasjonalforsamlinsbygninga (trur eg). Eit staseleg bygg som vitnar om storheitstid.

Museet hadde enorme dimensjonar og viste landets utvikling frå "skapelsen" og fram til i dag. Her eit bilete av ein livaktig utstillt fortidsskapning.

Søndag var me i The Butchart Gardens. Her kan de nyte noko av blomsterprakta der knipsa av ein amatør på området. Fint var det i alle fall














 Denne optimistiske fiskaren i bronse som sat ved inngangen til blomsterhavet får vera som eit takk for oss for denne gang. I morgon grytidleg startar heimreisa og då skal me vere på reise til torsdag kveld heime i Luster så dette er det siste å lesa frå oss. 

Takk til alle som er innom og kikkar på det me legg ut om våre turaktivitetar. Gjennomsnittleg ca 60-70 les dagleg.

Neste turblogg-avsnitt kjem 10. mars 2013 frå Gran Canaria.