søndag 10. mars 2013

11. turen til Playa del Ingles Del 1.

Me er no bortimot vel etablert i husværet vårt her uti Atlanterhavet. Når eg seier bortimot vil det seie at eg og Alice får (truleg) flytte i morgon. Etter anbefaling i fjor ringde me til resepsjonen for ca 2 veker sidan og melde vår ankomst og kom med ynskjer om buplass inne på området. Etter 11 opphald på samme etablesement er det naturleg at me har ynskjemål både om morgonsol og å bu nær kvarandre når me reiser to par i lag. Ingen av desse ynskja er innfridd på nokon måte. KA og co. har ettermiddagsol men på ein plass dei har slege seg til ro med. Me har fått tildelt husvære nordvendt der sol aldrig skin og i lang avstand frå resten av reiseføljet. Dette førde til høglytte og arge protestar frå Alice, noko som var handsama med største alvor av resepsjonist. Ho er invitert til møte i resepejonen i morgon kl 11.00. og då skal ho blidgjerast lovar dei.


Men det var reisa ned hit eg hadde tenkt å skrive om i dag. Kl 4 i natt var me komne på Flesland. Nett i passeleg tid for å ordne med innsjekking pr. automat før bagasjebanda starta kl ti på halv fem. 


Vel ombord i flyet og fri frå marka var tida inne for å handle seg frukost. Dette er eit typisk morgonmåltid for lustringar på langtur.
Turen gjekk strålande for meg. Eg sov det meste av turen så tida gjekk fort.


Me hadde kosta på oss nokre få kroner for å få betre plass til føtene. Fremste stolrada er då oftast eit godt val. Som de ser var plassen upåklageleg. Me kunne komme og gå som me ville utan å bry sidemannen og me fekk mest strekke føtene som me ville.

No har eg og KA hatt oss ein liten tur på byen. Sidan blir det ein liten strekk før turen går til ein middagsrestaurant og deretter tidleg heim og i seng. Me har ikkje vore i seng sidan i går morgon og eit par av oss har ikkje hatt blund på augene så det blir nok godt.

Kanskje mykje tomme ord i dag men trøytttingar på reise i eit halvt døger skapar ikkje overskrifter.
Så får me sjå i morgon om opplevingane har stått i kø når dagen går mot kveld og tida er inne for reisebrev nr. 2. frå oss.

Været er upåklageleg. Mellom 20 og 25 grader og delvis skya fint vær.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar