torsdag 18. juli 2013

Norsk Køyretøyhistorisk Museum.

I sommar har eg vore på museum. 

Norsk Køyretøyhistorisk Museum på Lillehammar har mykje køyretøy og ikkje berre bilar. Her er det spissledar, kjelkar, sparkar, syklar, knallertar, mopedar, motorsyklar og bilar i alle storleikar. 

Her kjem bilete av og basisopplysningar om norskproduserte bilar.


 Dette er ein Mustad 1917 modell. Ein svært stor bil der eine motoralternativet hadde 7 liter motor fordelt på 6 sylindrar og toppfart på 100 km/t. Grunna storleik og tyngde var den utrusta med tre akslar med styring på fremste boggi i tillegg til framhjulene.

 Dette er også ein Mustad-bil. Denne er bygd i 1935 og hadde tilnamnet "egoisten" då den var einsetar.


 Norsk Automobil & Vognfabrikk bygde denne bilen i 1907 som ein av dei aller fyrste dei bygde. Denne har einsylindra motor på 8 hk.


 H.C. Bjering bygde bilar i 1919 og 1920. Denne er bygd med tanke på smale vintervegar. I laussnø vart framhjulene utbytta med meiar. Både sjåføren og motoren bakerst i bilen førde til best mogeleg tyngde over drivhjulene.


 Dette er som de sikkert ser ein Troll. Det er prototypen, bygg nr 1 frå den norske bilfabrikken med samme namn som vart forsøkt igangsett i siste halvdel av 1950 åra.
Denne vart seld på tvangsauksjon etter at Trollfabrikken gjekk konkurs. den vart kjøpt av ein kjenning av Troll-eigaren Per Khol-Larsen. Etterkommarar etter den nye eigaren tok den sidan med til USA der den til slutt hamna hos skraphandlar. Der vart den til slutt attfunnen i svært dårleg forfatning og i 1995 kom den attende til Norge. Blandt anna med økonomisk støtte frå Norsk Kulturråd er den no nermast fullrestaurert.


 Når ein får beskua prototypen av Troll må også eit nærbilete av grillen få plass sjølv om eit tau sjemmer biletet.


 Det var planlagt å bygge ein fyrste serie på 15 Troll-bilar då dei starta produksjonen i 1956, men berre 5 vart ferdiggjorde. Museet her har 2 av dei og det er vel som det skal vere når museet heiter Norsk Køyretøyhistorisk Museum.


Om denne er moden for museum er vel tvilsamt, men denne "hekkspoileren" gjorde at det nok var denne som fekk toppkarakter hos den feminine delen av museumsduoen denne dagen.




lørdag 23. mars 2013

Adiós y gracias por nosotros

Adiós y gracias por nosotros er spansk og betyr adjø og takk for oss. Det er det vel verd å starte siste reisebrevet med. Me føler verkelg at me vert hjarteleg godt mottekne her. Rett nok er heile byane her sør på øya oppbygd for å ta mot og oppvarta turistar 24 timar i døgeret. Alikevel er det imponerande korleis dei fastbuande godtek og etterlever at dei tilreisande overta heile samfunnet her.
Ikke berre godtek dei det men dei yter også ein framifrå service i dei aller fleste situasjonar.

Ein ørliten takk-for-oss biletreportasje får vere avslutninga på denne reisebloggen.



 Eg vel å starta på stamkafeen vår. Det ikkje allverden til lokale, eit segldukstak mot sola og ein glasvegg som kan attlatast etter behov når vind og sanddrev gjer det utriveleg ellers. 
Stolar og bord der allt som er ledig er ryddig og reint. Kelnarar som serverar oss det me vil ha utan at me treng letta oss frå stolen. Rett og slett akkurat slik som alle andre slike restaurantar, men denne vart no ein gong vår i 2003 og det har me etterlevd fram til no.



Trekkspelaren som sit på sin faste plass i trappa opp frå stranda til promenaden lyt representera alle dei som har vanskar med å finne eit levebrød her. Han fekk ein skjerv hos oss også.


 Så eit blete av terrassen vår. Langt utpå ettermiddagen den siste dagen har sjølv soltibedaren trekt inn i skuggen.


 Eit par bileter som viser den næraste utsikta vår som no blir borte i eit år. Eit bilete av rekka med naboar der alle har trekt i ly bak betongveggene sine. Biletet under er i retning bassenget der palmer og seder susar i staden for bjørk og gran.

Slik er utsikta mi no når eg sit og skriv dette. I morgon klokka 9 kjem drosjen og hentar oss for å frakte oss til flyplassen. Berekna landing på Flesland i Bergen er ca kl 18.00.
Så står berre bilturen heim att. Truleg før midnatt er me heime att og måndag kl. 07.00. er det innstempling til kvardag på LMI.

Takk for i år til dykk i gjennomsnitt vel hundre som har vore innom dageleg.

fredag 22. mars 2013

Fredag, nest siste dagen.

De er vel kommen i påskestemning heime, no som mange av dykk har starta påskeferien. Her er dei ikkje mykje påskestemning. Me har hatt nok ein dag med strålande ver.

Eg og KA har gått stranda på langs i dag. Her ser de folkehavet som var ute i samme ærende som oss i det me svinga ned i sanden. På biletet under hadde me gått eit kvartes tid, men som de ser, det har ikkje monna mykje.

 Her er me komne omlag til odden, for dei som er lokalkjende. Biletet er teke attende mot Playa del Ingles.
 Me hadde lite tru på at me kom oss helt til fyret då stranda er mykje utvaska etter stormen som var her for 3 veker sidan. Alikevel var det heilt greit å gå den fyrste beten etter at me hadde runda odden.
 Etter kvart vart det meir og meir steinete og KA, som ikkje hadde utrusta seg med utmarksko slo etter og venta ei stund medan eg gjorde ein siste rekognosering. 

Med brukande joggeskor var det heilt fint å gå heile strekninga. Her ser de hotella rundt fyret. Her snudde eg og returnerte til ein ventande turkamerat i sanddynene lenger ute. Oftast går me heilt til endes og landevegen heimatt, men i dag gav me oss altså og tok samme vegen heimatt. Om ein reknar trimeffekten er det ein lengre tur dette enn om me hadde gått vegen.

Nokre ord må også skrivast om i går kveld. I reisebrevet på Radio Luster i kveld fortel eg kor vanleg det er å treffe på kjendtfolk her. Me drog på måfå til Puerto Rico i går kveld. Me har hatt kontakt både direkte og inndirekte med mange som har vore i Puerto Rico i det siste, men alle me visste om er dregne heim, Me sette oss opp i høgden over handlegata for å innta ein middag. Me hadde ikkje før fått maten på bordet før Alice seier: "Der nede fer han Svein som du kjenner. Han fer inn på ein restaurant".
Eg hadde augekontakt med dei medan eg åt opp, sidan bar det trappa ned for å helse på. 
Det utarta seg til ei hyggjeleg samkomme rundt eit bord og med noko godt på bordet, til seine kvelden. Nok ein vellukka kveld med tilfeldige lustringar rundt eit bord rett utanfor afrikakysten.

"Dr livingstone I presume?" sa vel Henry M. Stanley då han fann den han leitte etter i Afrika. Like lite overaska han som oss, men han hadde vel noko meir flaks som traff på kjendtfolk enn oss.

No er det berre pakkedagen att så no lakkar det mot snø og kulde.

torsdag 21. mars 2013

Torsdag, det går mot slutten.

Nei, det er ikkje helseproblem det blir henvist til i overskrifta i dag. Søndag morgon dreg me herifrå så laurdag er den aller siste dagen Derfor er det ein dag som ikkje blir nytta til noko som helst anna enn pakking og litt i-siste-liten-soling. Sidan denne dagen no er mest oppbrukt er det på ein måte berre ein dag att, fredag. Ut frå eit slikt resonement kan ein trykt sei det går mot slutten.

At det går mot slutten på turen ber også dagens aktivitetar preg av. Dette er utsikten frå stolen eg opphaldt meg i 4 - 5 timar. Turen gjekk i samla tropp til stranda der innkjøp av ymse gåveartiklar stod på programmet. Sidan eg ikkje er vidare flink til slikt vart eg utpeika til å passe på bordet vårt medan dei andre var på handel. 

I kveld har me snakka om ein tur til Puerto Rico. Me har ikkje noko ærende dit og me veit heller ikkje om nokon der å vitje, men me tek alikevel turen berre for avvekslinga. 

Om det blir noko anna enn litt lang veg til middagen i kveld veit me ikkje før me er på heimveg i kveld. Om det kan skrivast om så skal de få ein liten rapport om utflukta i morgon.

NB Veret er stadig av det aller best.


onsdag 20. mars 2013

Onsdagsbrevet.


På turens heitaste dag viste gradestokken på stranda 27 grader då me to karane gjekk forbi på vår bortimot daglege tur på kafe.
I dag  var det ingen tvil hos damene om at denne dagen skulle dei tilbringa heime i sola. Og sola seg har dei fått gjort til gangs.
 Medan me to rustne herrar sette oss på bord 23 som vanleg. Det nok noko tilfeldig, men dei siste dagane har me observert at ikkje berre er det vorte stamkafe men me har også fått stambord . Det har vorte bord 23 me har sett oss ved. I dag då me kom der var det berre vårt bord som var ledig. Det ser mest ut til at betjeninga reserverar dette bordet for oss.
Difor skal de få ta del i utskten vestover frå bord 23 på Long Beach.

 Sidan gjekk turen mot San Augustin. Der trefte me på denne lirekassemannen. Ein av dei få spelemennene som har god grunn til å spele omatt same melodien heile dagen.


 Tidlegare har eg nemt landsbyen i sand som er oppbygd langs gangvegen her. I dag var kyrkja riven og byggmeistaren var i gang med å forma nytt bygg på kyrkjebakken.
 Det kan vere at kyrkja hadde rasa saman for han, for heile byggverket var i ferd med å tørka ut. Om de ser nøye på brua ser de at det har vore ei ulukke der og at vegdekket har fått skadar.


Eit nærbilete til frå landsbyen hans. Her i utkanten var det sett opp eit bygg som inneheld både garasje og bustadhus ser det ut for. 
Eg ser sjølv at desse bileta ikkje yter kunstverket full rettferdigheit, men det er alikevel freistande å forsøka å gje dykk alle del i dette praktverket. De skulle ha vore her og sett sjølve.

Her på "hotellet" vårt bur det også kjendtfolk frå Solvorn. No har eg vore på hyggjeleg besøk der.

Kva det blir til i kveld veit eg ikkje enno, men ut for ei matøkt blir det i alle fall. 
Me oppfattar at vinteren enno ikkje på nokon måte har slept taket heime, men me må vere så ærleg å sei at det bryr oss lite. Eller som solvorningen sa det så treffande: Det er godt å sitta her i sommarvarmen å tenkje på kor mykje ved eg sparar.

Takk for i dag.