onsdag 20. mars 2013

Onsdagsbrevet.


På turens heitaste dag viste gradestokken på stranda 27 grader då me to karane gjekk forbi på vår bortimot daglege tur på kafe.
I dag  var det ingen tvil hos damene om at denne dagen skulle dei tilbringa heime i sola. Og sola seg har dei fått gjort til gangs.
 Medan me to rustne herrar sette oss på bord 23 som vanleg. Det nok noko tilfeldig, men dei siste dagane har me observert at ikkje berre er det vorte stamkafe men me har også fått stambord . Det har vorte bord 23 me har sett oss ved. I dag då me kom der var det berre vårt bord som var ledig. Det ser mest ut til at betjeninga reserverar dette bordet for oss.
Difor skal de få ta del i utskten vestover frå bord 23 på Long Beach.

 Sidan gjekk turen mot San Augustin. Der trefte me på denne lirekassemannen. Ein av dei få spelemennene som har god grunn til å spele omatt same melodien heile dagen.


 Tidlegare har eg nemt landsbyen i sand som er oppbygd langs gangvegen her. I dag var kyrkja riven og byggmeistaren var i gang med å forma nytt bygg på kyrkjebakken.
 Det kan vere at kyrkja hadde rasa saman for han, for heile byggverket var i ferd med å tørka ut. Om de ser nøye på brua ser de at det har vore ei ulukke der og at vegdekket har fått skadar.


Eit nærbilete til frå landsbyen hans. Her i utkanten var det sett opp eit bygg som inneheld både garasje og bustadhus ser det ut for. 
Eg ser sjølv at desse bileta ikkje yter kunstverket full rettferdigheit, men det er alikevel freistande å forsøka å gje dykk alle del i dette praktverket. De skulle ha vore her og sett sjølve.

Her på "hotellet" vårt bur det også kjendtfolk frå Solvorn. No har eg vore på hyggjeleg besøk der.

Kva det blir til i kveld veit eg ikkje enno, men ut for ei matøkt blir det i alle fall. 
Me oppfattar at vinteren enno ikkje på nokon måte har slept taket heime, men me må vere så ærleg å sei at det bryr oss lite. Eller som solvorningen sa det så treffande: Det er godt å sitta her i sommarvarmen å tenkje på kor mykje ved eg sparar.

Takk for i dag.

1 kommentar:

  1. Anngåande vinteren,neste gong du intervjuar verprofeten i Vadheim spør han kva han meinte med att vinteren skulle bli varmare enn normalt og at det skulle bli ein god del nedbør. Scooterspora våre på Sognefjellet frå midt i januar kan sjåast fortsatt midt i mars...

    SvarSlett