lørdag 30. mars 2024

Laurdagstur på fjellet.

 

Norskeplassen var målet for dagens utflukt og dit kom me.

Men fyrst nokre ord om fredagskvelden. Her er tallerkenar og glas tømde og rekning betalt hos El Rancho. Denne godt likte restauranten ligg i nabobygget og dit gjekk altså fyrste del av kveldsturen. Del to vart på utsiktsplass i Kasbah med tilhøyrande godt i glasa.

Men turmålet i dag var altså Norskeplassen. Det er eit turmål for tusenvis av nordmenn, dei fleste innlosjert i Puerto Rico. Men me valde Patalavaca som utgangspunkt. Det vart busstur dit og så var det til å starte turen etter memorerte kart frå dagen før. Eg er slik laga at eg likar å utfordre navigasjonsevne og retningssans ved å gå turar eg ikkje kjenner frå før. Det gjekk fint i dag også, sjølv om det ikkje var så vanskeleg :-)

Me var to i lag på tur  i dag og me var ikkje komne langt opp i lia før dei fyrste bileta vart lagra.

Etter kvart kunne me sjå delmålet vårt, Norskeplassen, på andre sida av dalen.


Så var målet nådd 315 moh.


Etter ein liten rast og nokre slurkar vatn bar det vidare mot Puerto Rico. Her har me fått bebyggelsen på nert hold for fyrste gong.


Og plutseleg såg me rett ned i sentrum. Då var det berre sving etter sving langs gatene ned der det venta oss god lunch og litt handel før bussen tok oss attende til nerast mogeleg Corona Blanca.

Det var allt for i dag.




fredag 29. mars 2024

Langfredag

 


Dette var synet som møtte meg då eg tok turen ned til stranda i dag tidleg. Denne hadde lagt seg til ankers her i løpet av natta. Elida heiter ho og Sailing for Jesus er oppdraget i følje skrifta på skutesida.


Noko maroder etter gårdagens langturar, var planen ein liten rusletur langs strandkanten. Klokka var ikkje meir enn 10 men likevel var det mange andre som hadde planlagt det samme.


Det er ein  populær tur som eg ikkje har teke enno. Sjølv etter til saman  38 veker her sidan 2003 har eg ikkje teke turen gjennom sanddynene frå stranda og opp til strandpromenaden der på det lengste.
Den turen tok eg i dag.


Her er eg halvveges. Det er faktisk ikkje så tungt å gå som ein kan tru. Særleg om ein held seg mest mogeleg på toppane.


Det var det godt å nå målet, det store Riu hotellet som ligg heilt ned mot sanddynene.

Resten av dagen har gått med til restitusjon som det heiter på fint.

Takk for i dag.


torsdag 28. mars 2024

Skjærtorsdag vart ut på tur dag.

 


Det vart middag på China Sol som antyda i går. Me tok turen til Jardin del Sol og kinamat. Kylling chop suey på meg. Chop suey er vist betegnelsen på grønnsakene i denne retten er eg fortald ein gong.


Etter matøkta gjekk turen til Kasba og bord med utsikt til dansegolvet som så ofte. I år er Kasba nermaste naboen vår også, så det passar fint med ein rast her på heimveg.


Eit siste blikk på ein fullmåne som  speglar seg i eit sille Atlanterhav  gav forhåpningar om godt ver frametter.


Og veret i dag har også vore bra. Det har blese litt men det var berre godt for meg. Eg har vore på langturar i dag. Etter frukost drog eg på "fjelltur". Det er mange mogelegheiter bak byen der det går stiar i kryss og tvers. Om ein ikkje vil følje stiane kan ein også, som eg i dag, velje retning og mål sjølv. Som de ser på biletet er det for det meste steinørken som for det meste er fin å gå på.


Men det var også fint å nå urbanisasjonen att og få trygge fortau under føtene.


Og då gjekk turen til handelsmannen. Me hadde Lidl ei kort stund i Noreg også men me vart visst for sære for  tyskarane.


Etter lunch gjekk turen ut i naturen ein annan veg. Eg gjekk tvers over naturvernområdet som består av sanddynene langs stranda og opp mot Maspalomas golfbane.


Ein times tid trur eg det gjekk til eg var på fast grunn att og kunne ta gatene fatt på veg heim att.


Husets frue har gjort det ho likar best når ho har ferie frå trimminga heime. Hå ligg stort sett pal på solsenga si ved bassenget heile dagen. Det var ho som sa eg skulle legge ut dette skrytebiletet av dagens antall steg eg har gått.


onsdag 27. mars 2024

Onsdag på Playa.

 




Gårsdagens middagsmåltid inntok me i kjende trakter. Denne restauranten ligg nerast som nabo til Jardin del Sol,  staden der me har budd heile 18 gonger. Me har gode erfaringar med denne serveringstaden frå tidlegare år og dei skuffa oss ikkje denne gongen heller. Det vart kokt torsk på meg.


Ikkje verdens finaste bilete men dette er enden på gangvegen til San Augustin der eg og naboen gjekk til så mang ein gong. Det er 11 år sidan siste turen me fekk i lag til Playa del Ingles. Sårt sakna men også mange gode minner kom fram i dag då eg tok denne turen som me alltid gjorde i lag kvart år dei 11 åra me drog i lag hit.

Så var det å snu og starte den lange men fine spaser/trimturen attende til dit me bur.


For dei som er kjende i desse traktene kan eg fortelje at denne fine vegen no har fått nytt dekke. Her var dekket så slite og utvaska så det var nerast som å gå i ei steinur einkelte stadar. No er det slett fint betongdekke heile vegen.



Siste delen i dag har eg haldt meg nær pc-en for å sende ut bingoblokker til kveldens radiobingo på Radio Luster. Her kan også gå ei melding til årdøler som har gjort bomtur til Veekiosken for å kjøpe blokker. No er dei på veg og er til salgs att frå ca 18.00.


Om me ikkje ombestemmer oss, noko me i blandt gjer, så går turen til stamkafeen vår i kveld. Der vert det "kinamat".

Takk for i dag.

tirsdag 26. mars 2024

Tysdagsbloggen frå Playa del Ingles

 Dagens blogg startar som alltid med siste del av gårdagen. Etter ordentleg festmiddag på søndag valde me det meir sparsommelege i går. Turen gjekk til Little Brasil som me har utsikt til heimanfrå. Eg valde pasta carbonara medan husets frue valde pizza. Eg fekk eit måltid eg kanskje kunne vente meg, lunken spagetti med små skinkeskiver gøymt under  og eit smaklaust pudder dei kalla parmesanost til å strø oppå. Men pizzaen tok kaka. Den bestod av eit knuskturt rundt brød med spekeskinke, rucola og antydning til cherrytomater, trur eg. Ingen antydning til nokon slag saus eller ost. Dette er den tusknaste pizzaen eg har sett i mitt liv.


Men eit skal dei ha på vesle Brasil, dei er rause med vinen.


Så gjekk turen til stamplassen til mange lustringar og nordmenn generellt, sjenkestaden Naboen. Der vart  det ein irsk kaffidrope att. Dette er andre staden eg kjøper slik drikke  her i år. Den fyrste hadde stivpiska krem på toppen, noko eg ikkje tykkjer om, denne hadde rett konsistens men dei var kanskje litt lite raus med mengden. Den beste Irish Coffee vert stadig servert i Luster meinar eg.


Så var det tid for å rusle heim att i 10 - 11 tida ein milld sommarkveld. Yr melder stadig budleregn men knapt ein drope har treft meg.


Heisen vår må også nemnast her. Ikkje noko galt med den men den er den minste eg har sett i mitt liv. Plass til 4 står det men med os to og to koffertar då me kom var det så vidt døra gjekk att bak oss.


I dag har eg gått Playa rundt. Det innbefattar gangvegen langs sanddynene. Det er tydeleg at det har vore ein del vind i det siste og slike sanddyner lever sitt eige liv i vind. Slik såg det ut på deler av strandpromenaden.


Men der gangvegen ligg litt høgre og det ikkje er sanddyner som nabo var det svært folksamt, sjølv om klokka ikkje var meir enn 11 då dette biletet vart teke.

Det var allt eg hadde på hjarta i dag.